søndag 24. juni 2012

Frø som spirer og unge planter som endeleg veks

Dette er, som veldig mange andre, innlegg for særskilt interesserte. Eg er korkje oppteken av høge besøkstal eller hundrevis av kommentarar (sjølv om kommentarar er veldig kjekt). Difor vert det av og til litt sære innlegg fordi eg brukar bloggen like mykje som leksikon/dagbok for meg sjølv. 
Det var frustrerande i vår å sjå at sniglane likte riddersporane veldig godt. Det løyste vi med å spa røtene opp og ha dei i krukke. Og no veks plantene som berre det og det er kjekt. Eg håpar sjølvsagt på bløming, men det er berre bonus akkurat i år.
Staudene eg planta i vinter har det gått så ymse med. Nokre frøsortar har vore utruleg treige og alpeakeleie er ein av dei. Eg trur det er det som er i denne isboksa. Eg sådde frøa i slutten av januar så hastverk har ikkje denne stauda. Det er kjekt at det skjer noko iallefall, eg var usikker lenge om det kom noko i det heile.
I mai sådde eg papirblomster. Nokre av spirene ser du her.
Og dette er erteblome, trur eg då. Eg har eigentleg ikkje heilt kontroll. Det går utruleg seint synest eg. Spørs om eg får noko glede av dei før hausten kjem.
Her har eg sådd kvit peonvalmue og dei skyt fart for kvar dag som går. Synest eg var ganske smart som ramma inn frøa med hyssing og ispinnar.
Myskmalvaen har endeleg tatt seg opp. Blar du deg bakover i innlegga frå mai finn du eit sørgeleg kapittel om mine sjølvsådde stauder.
Og dette er blå balltistel. Trur ikkje det er mange staudene som blømer i år, men så lenge dei overlever så er eg nøgd.
Høstvädd og blå polargull innimellom  jord og gras som har spruta frå kantklipparen.
Kinesisk ridderspore. Trur det er tre planter som har overlevd og det går veldig sakte. Desse har spira sidan byrjinga av februar, eg er ikkje så imponert for å seie det slik.
Eplemynte som overlevde vinteren i denne krukka. Må minne meg sjølv om at eg må ta mynta i bruk i år, vart ikkje noko av det ifjor. Fantastisk bra å lage te av.
Må vise denne igjen. Multiblue klematis som blømer no. Den har sprunge meir ut sidan forrige innlegg. Ungane likar denne veldig godt.
Og forglemmegei som eg kjøpte på planteloppemarknaden i år har vekst seg større og fått fine, søte små blomar.

Det var ei lita oversikt for denne gongen. Eg har elles ikkje noko spennande å fortelje. Sola har snudd, det er litt vemodig, men det er lenge igjen av sommaren. Vi har vore så utruleg heldige med vèret, nesten ikkje regn sidan 22.mai eller noko rundt der. Fortsett det slik så skal eg ikkje klage. Det er ikkje ofte vi må vatne plenen og plantene fleire gongar i veka. Ha ein fin kveld.

onsdag 20. juni 2012

Mykje vakkert i hagen akkurat no

Det er mykje som blømer no og eg rekk nesten ikkje å få det med meg. Eg har vist bileter frå det rosa bedet og slik er det enno. I det lilla bedet er det ein del avblomstring no, men nytt kjem nok snart. Eg viser dokke det som blømer akkurat no litt rundt omkring i hagen. 
To busker med spirea blømer på nordsida av tomta. Eg laga ei skråning langs vegen opp til huset, men plantene har ikkje trivs så godt der. Eg trur det skuldast både jorda og at det ligg utsatt til i forhold til vær og vind.
I same bedet blømer ein kvit gyvel. Diverre ser den litt pjusken ut etter regnet som kom, men det tek seg vel oppatt. Den trudde eg hadde tatt kvelden i vinter, men der tok eg feil.
Graslauken blømer med fine, små lilla blomar. Eg har ein del urter og grønnsaker rundt om, men er diverre ikkje flink til å ta det i bruk. Skjerpings!
Klematisen eg har planta i rosebogen skulle vere blå, men den er like mykje lilla om du spør meg. Den heiter Multiblue og eg har ein på kvar side. Fin er den trass feil farge.
Kosakkveronika. Så søte og yndige med sine små, pastellblå blomar. Den er den einaste som blømer i den blå delen av hagen no.
Eg laga eit bed for to år sidan kor eg plasserte alle planter eg hadde fått eller kjøpt på planteloppemarknad. Etterkvart har eg flytta dei i forskjellige bed alt etter farge. Denne blomen har ikkje blomstra før og eg har ikkje registrert den før heller. Den har små, skarprosa blomar, men eg anar ikkje kva den heiter. Den er veldig fin så eg vil gjerne vite kva den heiter om du veit. Eg må vel flytte den over på den rosa sida etterkvart.
Skyggesildre finnast vel i dei fleste hagar. Ikkje så mykje å seie anna at den sprer seg. Eg tvilar på at den kjem i det rosa bedet.
Rosa storkenebb. Eg ser på bloggen to år tilbake at denne planta var pitteliten. No er den så stor at det er på tide og dele den. Stauder er geniale.
Til slutt eit bilete av verandakassa ved inngangspartiet. Eg har ikkje prioritert å kjøpe sommarblomar i år, men seks petunia fekk vere med meg heim etter eit besøk hjå Plantasjen. Eg håpar desse tåler halvskugge og regn.

Det fine vèret fortsetter imorgon går det rykter om. Så då håpar eg plantane får solt seg litt.

lørdag 9. juni 2012

Ommøblering i bed og litt nytt

Dette rosa prinsessebedet har eg snakka om mange gongar og ikkje minst vist i veldig mange variantar. Det har likevel vore mangelfullt fordi bedet har ikkje vore gjennomgåande rosa før no. Perleblomane og bekkeblomen har flytta og inn har nye planter kome.
Slik ser det ut no. Eg har heilt til venstre klatrerosa New Dawn. Bak ved veggen til venstre har eg planta orientalske liljer som eg håpar kjem opp om eit par månader. Framfor desse står ein liten peon, Sarah Bernhard, som knakk i stormen, og heilt framme står klaserosa Karen Blixen.
Siste nytt er at eg har kjøpt denne roseklokkebuska. Eg hadde ingen planar i det heile om å kjøpe denne, men då eg såg den på Plantasjen så falt eg pladask og kjøpte den likegodt. Plantasjen hadde eit godt tilbod kor du får 3 prydbusker for prisen av 2. Eg kjøpte denne samt duftsjærsmin og sommarfuglbusk. Meir om dei to siste ein annan dag.
Roseklokkebuska på nært hald.
Ved sida av roseklokkebuska til høgre har eg planta løytnantshjarte som framleis er liten. Den vert  like stor som bror sin lenge bort til venstre så her plantar eg ikkje meir rundt før eg ser korleis det vert neste år. Eg har ein kamelia som står langs veggen bakerst. Den er litt pusslete og skal etterkvart flyttast, men den står der til eg har ein velegna plass til den. Derfor står den litt tett innpå peonen framfor. Ved sida av peonen har eg planta i sommarblomen spansk margeritta som eg kjøpte nettopp for å å gi litt farge heile sommaren.
Kanten på bedet er ikkje ferdig. Vi må ha fleire steinar og duk under for å hindre ugras. Om dokke ser heilt bakerst så har rosene og klematisen kome godt i gang med veksten.
 Løyntnatshjarte, alltid nydeleg.
 Dei spanske margarittane. Ser litt ut som nellik.
Ros prydjordbær står i full blome no, og kanskje kjem det nokre bær seinare i sommar?

Eg har nokre rosa tulipanar og kvite påskeliljer som skal tilbake i jorda snart. Dei skal få stå litt bak for å kunne visne i fred når staudene skyt vekst. Eg er veldig nøgd med at det med dette kan kallast rosa prinsessebed. Det kjem nok fleire stauder langs kanten etterkvart, men ikkje i år. No skal bedet få vekse og slå rot.

onsdag 6. juni 2012

Litt nytt i det lilla bedet

Eit kort og lite innlegg frå meg idag. Innlegget er mest som eit leksikon for meg sjølv. Eg har fått tre nye stauder frå ei venninne og for at eg skal huske kva dei heiter og kor dei står, så tek eg bilete og skriv navn.
Lilla aurikkel og mørklilla/aubergine akeleie.
Akeleie er så fint, kan ikkje få sagt det nok. Eg trur det vil verte mange i hagen etterkvart som åra går.
Graslauk. Sidan eg ikkje har kjøkkenhage enno og den har lilla blomar så får den stå her.

lørdag 2. juni 2012

Ein ny blomebukett kvar dag

Eg har alltid tenkt at dersom eg skal gifte meg så skal det vere i juni. Det er ingenting som er vakrare enn markblomane som blømer akkurat på denne tida. Og denne tida er vi i no. Mine to, små skattar er veldig glad i blomar begge to. Og heldig er vi som bur med mark og skog på alle kantar. Det manglar ikkje på blomar å plukke, og plukke blomar gjer dei kvar dag.
I motsetning til Emil som berre plukker sjølve blomen, plukkar Malin lange stilkar og lagar bukettar. Det er ein bukett om dagen som kjem i hus, og det er engsoleie, skogsstorkenebb, hundekjeks, raud jonsokblom og marikåpe. Eg har sett rødkløver kome, men den har vi ikkje rundt huset. Kvitveisen, engkarsa og løvetannen har visna, men snart kjem blåklokke og prestekrage. Fantastisk. Og ikkje minst gratis! Ein sunnmøring kan hoppe av glede av mindre...
Og så må eg vise dokke den eine av to syrinblomane som har kome i år. Eg planta buskene i september så at det har kome noko i det heile er berre flott. Den vakre blomen duftar himmel og paradis på ein gong. Eg har tre busker som er planta langs tomtegrensa som skiljer hage og innmark.
Torsdagsbuketten.
Fredagsbuketten.
Dagens bukett. Eg går tom for vasar i passeleg storleik så melkeglasa gjer si nytte. Så lenge eg har vatn i vasen kan bukettane stå i mange dagar. Er eg ikkje heldig som får blomar kvar dag?