onsdag 28. mars 2012

Små frø har vorte stiklingar.

Det byrja med ni pittesmå frø i kvar potte. Nokre sortar fekk to potter, andre fire potter. Frøa har spirt ujamt og av variert kvalitet, men av tre frøsortar har eg til no 38 potter! Kanskje ikkje alle overlev priklinga eg foretok meg igår, men med tanke på at dette er ein brøkdel av sortane eg har sådd så gjer det kanskje ingenting? 
Eg anar ikkje kor eg skal sette plantene, det er litt tidleg å sette dei ut i jorda, men på kjøkkenbordet kan dei ikkje stå iallefall. I 17 av pottene har eg kinesisk ridderspore (20 planter), i 8 av pottene veks det blå balltistel og i 13 potter har eg myskmalva (15 planter). Nokre av pottene på bordet har eg ikkje prikla enno då eg gjekk tom for potter. Dette gjeld lita blåklokke, höstvädd og sommeraster. Resten av pottene eg har sådd i skjer det framleis lite eller ingenting.
Eg har to kjøleskap kor det eine har lite innhold til vanleg. Eg har tatt ut glashyller som eg ikkje brukar samt at eg har leita fram serveringsbrett som eg har satt pottene på. Eg har eit minidrivhus som eg sett pottene inni om dagen. Så får dei berre stå på kjøkkenbordet om natta. Trur kanskje det er litt kaldt ute enno dersom dei skal stå der heile døgnet. Det står på frøposen at dei skal ha det lyst og svalt. Idag regnar det og temperaturen ligg på 9 grader. I tillegg har eg fire sortar i isbokser som har stått ute heile vinteren under aviser. Der skjer det ingenting, lurer på om det skjer noko i det heile tatt...
Noko som blømer er denne buketten eg fekk av Espen igår. Det kom veldig overraskande på og det er klart at det er kjekt å få ein slik fin bukett ein tysdagskveld.

mandag 26. mars 2012

Meir buksbomhekk

Desse bileta vart tatt mellom kvelds og legging av born og er litt skeive og rare kanskje. Bodskapen er likevel klar, vi har planta meir hekk! I dette innlegget frå august ifjor fortalte eg om hekken vi byrja å plante rundt terrassen. Eg kjøpte 15 planter med buksbom for 20 kr stykk i vinter, men har ikkje fått planta i før no. Vi manglar berre tre planter før vi er ferdige.  
Buksbom veks seint, men det vert fint til slutt. Vi har opning ut på begge sider og framme. Vi er ikkje plaga med vind, men eg vil at terrassen skal verke lunare og koselegare enn den er idag. No står det berre ei terrasse midt på plenen og det er litt keisamt. I bakgrunnen kan dokke sjå garasja, og der som el-bilen står skal det kome jord og plen. Det vert bra til slutt, men tolmod er ein viktig ingrediens i hagearbeid har eg merka meg.
Heile familien engasjerte seg i plantinga. Ungane fekk sprute vatn i hola Espen hadde gravd, annakvar gong sjølvsagt, og eg blanda jord og hønsegjødsel. Avstanden er ganske tett, men det er meininga det altså. Vi har fått gode råd av folk som veit.
På denne sida av terrassen er det eg har planlagt ein rosa hage. Og eg er på god veg. Bedet skal forandre litt form, men det må vente nokre månadar enno. I bedet er dei rosa tulipanane, kvite påskeliljene samt perleblomar og eit par gule stauder på veg opp. Både det gule og det blå skal ut av dette bedet, men inntil dei andre beda er klar skal dei få stå. Eg ser løytnantshjarta og peonane er også på veg opp. Spennande! Bak stria står ein kamelia. Og den har klart seg heilt fint i vinter. Årsaka til at eg har strie på er å beskytte den mot kaldt vèr og skarp vårsol. Den er meir raud enn rosa så den vert nok flytta etterkvart den og. Slik er det når ein er litt for opptatt av at fargane skal harmonere i bedet.

Fantastisk dugnadshelg på garasja

For nokre flotte folk vi kjenner! Når våren kjem med si første solhelg og tid ved solveggen er fristande, så stiller folk opp for å hjelpe oss med garasja. Det er så utruleg kjekt å gi desse mannane kaffi, kaker, pølse og øl når vèret er nydeleg og lysta til å arbeide er stor. Alle har vore i godt humør og gjort ein glimrande innsats.
Laurdag byrja dagen med å lage stillas. Sola var på himmelen frå den sto opp og det vart ein fin start på dagen. Onklane til Espen, Jostein og Steffen, hjalp til saman med kompisen Ole André.
Arbeidsoppgåvene vart fordelt med Espen og Steffen på taket medan Ole André og Jostein kappa og bar det som trengtes.
 Sjekk den blå himmelen, er det ikkje herleg?
Dette bilete fekk eg nostalgisk kjensle av. Noko med lyset og gamle bileter trur eg. Iløpet av laurdagen fekk dei lagt sultak på heile taket. Hipp hurra, no er taket tett!
Eg viser til forrige innlegg om garasja og konsekvensane av å ha material liggande under presenning i nesten to år. Garasjeportane er svarte av sopp og vi har ein stor jobb framfor oss med dei. Sola fekk tørka dei og no ligg dei i garasja under tak.
Kommunen bryr seg ikkje når ein seier at det hastar med å bygge garasja fordi materialet held på å verte øydelagt. Men om du tilfeldigvis skulle ha ein jobb kor du behandlar slike saker, tenk om att. Dette er sopp som har lagt seg på trykkimpregnert materiale. Ikkje vakkert og arbeidet med å behandle garasja vert desto meir.
 Dei fire karane kosar seg i sola med kald øl etter ein lang dag med flott innsats.
Det er søndag og karane er klar klokka halv elleve om morgonen. Onklane og Stian, søskenbarnet til Espen, stiller opp med varme jakker denne kalde morgonen.
Dagen tok seg opp i eitt-tida då sola kom fram frå skodda. Igår gjorde dei ferdig gavlane og la asfaltplater.
Og slik står garasja no. Espen har tatt ut syklar og sykkelvogn som sto i gangen, inngangspartiet er tømt og no byrjar vi å sjå plassen som kanskje andre tek som sjølvsagt. Herleg!
På sida av garasja har Espen planlagt ei bod, men akkurat no er eg berre nøgd det går framover med garasja. Neste plan er å kle gavlane før dei fortsett med taket. Etter ei slik helg var Espen ganske sliten og trøytt, men veldig nøgd. Og det med god grunn.

søndag 25. mars 2012

Solrik helg for småvennane

For ei herleg helg dette har vore! Det er nok mange fleire enn oss som har kost seg ute i solskinet. For vår del er dette første helga vi har hatt sol på veldig lenge. Espen med fleire har brukt helga til garasjebygging (meir om det i neste innlegg). Eg og borna har kost oss ute og hatt utetid med til saman 15 timar. Igår var det sol frå morgonen medan idag tok det litt tid før skylaget sprakk opp.
Det første bilete er tatt igår. Ungane kunne ikkje vente med å kome ut. Det var som å sjå kalvar springe ut av fjøset for første gong etter ein lang vinter. Sidan det er kaldt om natta og morgonen vert det ein del kleskift iløpet av dagen, men det gjer ingenting. Disse/reiestativet har stått urørt meir eller mindre i vinter, men i helga har det vore flittig brukt.
Emil klarar no å skli sjølv. "Smiil" seier han alltid når eg tek fram kameraet.
Med slike luftige svev vart det ein del harde fall. Etterkvart satt eg eit pledd framfor slik at det skulle vere litt betre å lande.
Malin kontrollerer farta litt meir enn Emil, men ho synest det er like gøy.
Bilete over er frå idag. Det var kaldt lenge og Malin som aldri frys ba om å få meir klede på seg. Malin likar godt hammar og spikar og treff spikarane veldig godt. Ho har sett på mannane som bygg garasje og ønskjer seg no snekkarbelte slik som pappa har. Det var ikkje berre dei som skulle bygge synest ho, og bygde seg eit lite hus med litt hjelp. Stolt og kry!
Etterkvart kom sola fram og det er vel ingenting som er betre enn det? Det vart leita fram is og i helga har vi kosa oss med sjokoladekake og. Fine vennane mine. Litt rampete, men dei er veldig lett å vere glad i.
Vi har leita etter vårteikn denne helga og Emil har fascinert seg over gule blomar. Til no har eg berre sett hestehov og ei lita påskelilje, men det er like før mykje anna kjem. Ein nabo kunne fortelje om kvitveisar han såg idag. Dei må eg leite etter! Våren er herleg med slike helgar som dette. Måtte det kome mange fleire!

søndag 18. mars 2012

Endeleg kan eg fortelje om garasja

Dette innlegget har eg venta lenge på å få skrive. Historia om garasja byrja for snart tre år sidan. Vi underteikna husbyggekontrakt med byggherre i finanskrisetider og lokketilboda sto i kø. Vi fekk tilbod om gratis material til dobbel garasje dersom vi underteikna før ein viss dato. Dette gjorde vi av fleire grunnar, men bygginga av huset tok til medan garasja venta vi med. Vi flytta inn vinteren 2010 og vi hadde mykje som skulle gjerast. Vi hadde ikkje tenkt å prioritere garasja den første sommaren, men byggherren insisterte på å levere materiala allereie juli 2010 fordi dei ville gjere opp kundekontoen. Og slik vart det. Materiala har sidan då ligge under presenningar til alle vèr og årstider. Ikkje særleg gunstig i lengda så 25.mai 2011 søkte vi om byggeløyve på garasja og håpte å få bygd garasja iløpet av sommaren same året. 
Brevet om byggeløyve lot vente på seg. Vi bur i eit landsbruks-, natur- og friluftsområde og det er derfor ikkje saksbehandlingstid på byggjesaker i desse områda. Vi ringte fem-seks gongar iløpet av sommaren til kommunen kor vi fekk signal på at det ikkje var noko problem med søknaden, og at saksbehandlar skulle sjå på saka snarast. Når ein høyrer dette så mange gongar utan at det skjer noko, så vert ein lei. Vi var bekymra for materialet som låg under presenningane og vi byrja utan løyve i slutten av august.
20.august hadde vi muren på plass og fire flinke mannfolk gjorde jobben i ein fei. Fordi det ikkje var heilt lovleg å byggje enno, kunne eg sjølvsagt ikkje blogge om det i tilfelle rottefelle.
 Bilen fekk prøvestå i garasja.
Iløpet av hausten skjedde det framleis ingenting med søknaden. Først i slutten av oktober, fem månadar etter søknadsdato, fekk vi eit mangelbrev. Eg er sjølv saksbehandlar innanfor kommunesystemet og kjenner forvaltningsreglane. Dette er langt over streken av kva som er akseptabelt. Er det manglar i søknaden, ja så skal ein ha beskjed kort tid etter at søknaden er mottatt. Det høyrer til historia at vi eig ikkje grunnen vi bygg på fordi målebrevet hadde feil koordinatar. Så naboen måtte søke dispensasjon slik at vi fekk bygge. Naboen var i kontakt med saksbehandlar fleire gongar etter at dette var levert, og han sa at alt såg greit ut og at det snart ville kome svar.
Så 19.november fortsette byggjinga av garasja. Fem mann var i arbeid denne dagen. Sjølv om vi ikkje hadde fått svar på søknaden måtte vi berre fortsette fordi materialet byrja verkeleg og verte dårleg.
Før jul hadde Espen festa asfaltplater på veggane, men i vinter har det ikkje skjedd noko. I februar var eg lei og sendte mail til saksbehandlar. Eg hadde bestemt meg for at no skulle all kommunikasjon skje skriftleg og om han ikkje gjorde jobben sin snarast ville eg ta kontakt med rådmannen. I slutten av februar i år fekk eg svar på mail om at søknaden ville verte behandla innan to veke. Og veit dokke kva, han holdt ord! Etter 9,5 månad med lovnadar og løgn fekk vi endeleg svar. 10 linjer med ord var alt som skulle til, men orda satt tydelegvis langt inne.
Så no er vi i gang igjen og det hastar verkeleg for materialet har det ikkje godt under presenningen. Vi må soppbehandle heile garasja og vere grundige med vasking, tørking og maling, men vi kryssar fingrane for at det går. I helga reiste fire mannfolk opp takstolane og Espen har planen klar på kva som skal gjerast framover. Dette må berre prioriterast og idag har Espen fortsatt litt for seg sjølv.
Slik ser det ut idag. Fleire står klar for å hjelpe Espen med å få ferdig dette vesle byggverket. Inne i huset vårt er det fullt i syklar og anna som skal vere i garasja, så eg gler meg veldig til taket og veggane er tette. Det er med stor glede at eg kan publisere dette innlegget, no håpar eg berre vi snart ser ein ende i historia.

onsdag 7. mars 2012

Det spirer og gror både ute og inne

Det er endeleg mars og dagane er lysare og lettare. Vi har hatt nokre flotte dagar ute, men idag bles og regnar det meir enn på lenge. Dette går heldigvis ikkje ut over planteproduksjonen då dei fleste kosar seg inne. Nokre har eg ståandes ute, men dei er godt beskytta mot vær og vind.
Eg fekk nokre blodbegerfrø i posten av ein snill hagebloggar. Diverre har ikkje resultatet vist seg å vere optimalt og eg har kun ei spire som eg voktar over. Eg ser ikkje heilt for meg at denne vesle spiren skal verte ei stor og flott plante, men det får vise seg. Frøa vart planta 20.januar så det går ikkje akkurat fort.
Blå balltistel kom ganske fort og spireprosenten er omlag 50%. Kanskje det kjem fleire, eg veit ikkje, men kanskje dette er nok? Eg anar ikkje kor stor ei plante av eitt frø vert, men eg har fleire frø om eg vil så meir til neste år.
Frøposen til blåklokkene innheldt 700 frø, men dei var miniatyrsmå og plutseleg var nesten alt opp i jorda. Som det går fram av biletet er det ei klynge av spire som etterkvart må delast. Kvifor sel dei så små frø på den måten? Eg er redd frøa kveler kvarandre, men vi må no vere optimistiske og tru at det ikkje skjer.
 Høstvedden er på vei opp og fleire kjem ser eg.
Den kinesiske riddersporen har eg lykkast med så langt. Den kom fort opp og dei fleste frøa hadde spirt. Dersom desse plantene skal verte 40 cm høge så har eg veldig mange ser eg. Det er like greit, det er mange bed som skal fyllast.
 Myskmalva heiter denne, på svensk iallefall, og har no fått sett dagens lys. 13 av 18 frø har spirt så langt.
Sommarasters. Ikkje heilt sikker på om bilete viser nøyaktig kva asters det er, men i eit tidlegare blogginnlegg har eg vist bilete av denne planta.
Ute er det også teikn til liv. Kvite påskeliljer passar fint i det rosa bedet. Eg har gule påskeliljer som spirer på andre sida av huset. Dei er midlertidig plassert då eg trudde laukane var rotne og ikkje ville kome opp.
 Rosa tulipanar. I bedet er det 18-20 laukar tilsaman. Veldig fine og eg gler meg!
Blå perleblomster som eg kjøpte i ei krukke ifjor. Eg planta dei ned i det rosa bedet i påvente av at den blå hagen skal ta form.
Dette trur eg er løytnantshjarte eller er det pion? Det vil tida vise. Eg delte og herja kanskje litt for mykje i bedet seinsommaren ifjor så eg er spent på om noko har overlevd.

Det var status på plantelivet her akkurat no, eg håpar det kjem meir. Stauder er ofte seine med å kome opp, men er det nokon som veit kor lenge ein kan vente før maksgrensa er nådd?