fredag 12. oktober 2012

Vel overstått dåp

Den mandagen eg lova i forrige innlegg har vorte fredag. Og fleire bileter enn dette kjem ikkje. Det er rett og slett travelt om dagane, og eg veit ikkje heilt kva eg gjer for at det er så travelt. Kanskje det er all klesvasken, kanskje det er alle leikene som sleng eller alt papiret som kjem inn og ut av huset. For å ikkje snakke om plasten! Uansett, vi hadde ein fin dag på søndag. Anna skreik i kyrkja, ungane vart mata med kjeks og sløyfa vart gløymd att heime. To reddande englar henta sløyfa heime og vi rakk å få sløyfa på to minutt før vatnet kom på hovudet. Eg SKULLE ha sløyfa, ja veldig hormonell... Du køddar ikkje med ei mor som ammar! Vi koste oss med masse mat og kaker. Det vart alt for mykje kaker att og det har resultert i ein kilo meir på kroppen (nokon må no ta ansvar å ete opp desse kakene). 
Ædda bædda!

Kos dokke med landskampen og ha ei god helg. Eg kosar meg med gulrot og brokkoli.

3 kommentarer:

Lina sa...

Hahaha, du får sagt det! ;) nydelege Anna! <3

Lina sa...

Agreed! ;) skoglukt er heilt unik. Ei av dei beste! :)

ha ei flott helg, med dine fine ♥

MissMette sa...

Så nydelig lille Anna er ღ
Gratulerer så mye med den
store dåpsdagen som var ღ
Håper at du har fått slappet
av etter den store dagen, så
ut som en hektisk dag :) og
ja det blir som regel så alt
for mye kaker igjen etter en
slik anledning :)) Ønsker deg
en fin helg sammen med dine ღ
Stor klem fra Mette