søndag 29. mai 2011

Rabarbarasaft

Det er ikkje mykje å finne på ute når det regnar og bles. Derfor kan ein tillete seg å bake og lage saft. Dei siste dagane har eg baka knekkebrød, scones og eit par brødoppskrifter. Og idag vart det rabarbarasaft. Eg har ikkje allverdens med energi, det er ikkje derfor eg gjer det, men eg har eit ønskje om at borna skal få heimelaga mat. Mitt siste nye prosjekt altså...
Nydeleg farge på safta, det er sikkert. Oppskrifta kjem frå boka Piece of cake, men du finn mange som liknar på nettet. Rabarbaraen har eg vore så heldig og fått med Lina.
Med det samme viser eg desse flotte brøda som vart høge og luftige denne gongen. Oppskrifta har eg publisert før og er opprinnleg frå Nrk Matlyst/Bodil Nordjore. Veldig gode iallefall og kan absolutt anbefalast.

lørdag 28. mai 2011

Eit lite spørsmål om jordbærplante

Ifjor fekk eg ei prydjordbærplante med små bær vi kunne ete. Denne eine planta har formeira seg voldsomt med sine lange "armar" og no er det mange små jordbærplanter overalt i bedet. Vakre er dei, men eg har eit lite spørsmål.
Kor plasserer dokke denne planta? Burde eg ha hatt dei i ei stor plantekasse istaden for i eit vanlig bed? Håpar nokon kan gi meg eit godt råd :-)

fredag 27. mai 2011

Arbeid

Overskrifta seier alt. Vi har masse arbeid framfor oss og særskilt for Espen som må ta dei tyngste taka. Eg står ikkje akkurat og berre ser på eg heller, men er det for tungt og stort så har eg ikkje så mykje å bidra med.
Jorda som vi har venta på i ein månad kom for to dagar sidan. Det enda opp med at vi måtte ringe til ein annan leverandør for han som først lova oss jord tok plutseleg ikkje telefonen meir... Jorda skal verte til plen der det ikkje er plen idag og blomebed. Det hastar med å få sådd i både plenfrø og blomefrø, så no vert det jobbing framover. Eg har litt problemer med nakken så eg får ta det roleg (skal iallefall prøve å ta det roleg).
Espen lagar tørrmur med naturstein frå tomta. Muren skiljer parkeringsplass og hage. Her skal det fyllast i jord på baksida av muren, eller var det jord oppå muren? Stadig endringar i planane, men eg har ikkje noko med den biten å gjere så eg ventar på resultatet.

Sola gløttar fram idag, ein fin start på fredagen altså. Det er ikkje meldt det finaste vèret denne helga heller, men det skal ikkje stoppe oss frå å få gjort noko. Eg har vore sjuk i to veker no og er overmoden for litt hagearbeid. God helg alle saman!

torsdag 26. mai 2011

Nytt staudebed og meir busker i skråninga

Det er ikkje så mykje som minner ein om sommar ute med vind, tåke og regn. Derfor er det litt stille i hagen, iallefall nesten. Vi var på Plantasjen og BoGrønt i helga som resulterte i nokre plantekjøp. Og plantene må sjølvsagt i jorda, sjå berre her.
Skråninga på baksida av huset eller langs vegen opp til huset om du vil, har byrja å ta form. Er litt i tvil om eg har planta for tett, men eg gjer eit forsøk. For å ta ein repetisjon så har eg planta ein kvit gyvel og to rosa buskmure (potentilla) i enden frå venstre. Eg har kjøpt to nye duftsjærsmin etter at dei gamle fraus ihjel. Dei har eg planta ved sida av buskmuren. Tilslutt har eg kjøpt buddeleie (sommerfuglbusk). Denne vert ganske høg, men eg hadde lyst på noko som var litt høgare innimellom buskene som er omlag 1 meter høge. Dessutan har eg saks om det vert for høgt. Planen er å kjøpe nokre spirea, både rosa og kvite, men då skal det verte fint vèr først.
Staudebedet eg har planlagt mot naboen (vest) vart plutseleg plassert under kjøkkenvindauga (sør). Den omtalte kamelliaen står midt opp i bedet no, men den skal flyttast. Eg trur ikkje den trivs så godt akkurat her. Vegen vert til medan ein går, det er tydeleg i denne hagen. Det vert aldri slik eg først hadde tenkt. Eg manglar eit par plante, men elles er dette bedet ferdig. Sjølvsagt har eg eit fargetema, kjem aldri utanom, og dette bedet er rosa, gult og blått. Skarpe fargar til ei forandring her altså.
Frå venstre bak har eg planta smågullkorg. Den har eg allereie delt og eg fekk den ifjor, så denne vil verte stor ganske raskt. Framme har vi blå akeleie og bak har eg planta silkepeon. Den vesle planta framme til høgre er ballblome og vil forhåpentligvis verte stor og flott etterkvart.
Frå venstre bak har vi blå ridderspore og framme planta eg den søte vesle soleiehoven. Det vil sannsynligvis berre verte dette bedet som har gule planter. Ved sida av riddersporen står kamelliaen som skal flyttast. Framme har eg planta løytnantshjerte og bak står det smågullkorg og silkepeon igjen. Eg manglar ei blå staude til enden av bedet. Nokre forslag? Den må ikkje vere for høg.

Det kjennes godt å ha komt igang, men både fordi vi har mangla jord og fordi eg har vore sjuk i to veker så heng vi litt etter. Heldigvis har det vore dårleg vèr. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko...

søndag 22. mai 2011

Kyllingen Malin

Malin og Emil har vore på besøk hjå Laurits idag og han har vore så heldig og fått tre små kyllingar i hønsehuset. Fordi eg synest kyllingen var så søt og at den faktisk heiter Malin, så fortjener den litt spalteplass i bloggen.

Malin vart fødd 17.mai og er oppattkalla etter ei jente som er fødd denne dagen. Vår Malin ville ikkje ha noko av at ein kylling heiter det samme som henne. Eg drøymer om ein hønsegard, men det er litt opp og fram før det skjer. Vi har Mikkel Rev utanfor huset av og til og skal vi ha ein hønsegard må vi gjere ein del sikkerheitstiltak først. Og så er det så mykje anna som viktigare å få gjort først... Har du høns og eventuelt gjort nokre tiltak for at glupske revar ikkje skal ta hønene?

lørdag 21. mai 2011

Dommedag i hagen

Så gjekk ikkje jorda under idag likevel. Vi unngjekk det store jordskjelvet, men det har likevel vore mykje vind og det har ikkje vore mogleg å vore ute før no ikveld. Ein dum dag altså... Då eg har vore sjuk og bortreist så har ikkje hagen hatt besøk av meg på lenge. Så ikveld tok eg meg ei lita inspeksjonsrunde og såg om det var liv i hagen. Og til mi store fortviling var det berre delvis liv i plantene.
Det har vore ein kald vinter og mange som eg kjenner fortel om planter dei har hatt i åresvis som har døydd av frost. Då er del vel ikkje anna enn å forvente at mine nye planter har gått same vegen. Frosten kom før snøen i haust som gjorde at det vart danna eit lag med frost oppå jorda som hindra at oksygen vart tilført røtene. Stakkars plantene mine, eg har mista så mange no at eg har snart ingen igjen. To epletre, to duftsjærsmin, to fagerbusker og ein lavendel. Det er ikkje billeg med tre og busker, men eg gir ikkje opp og skal kjøpe meg nye imorgon. Naturen kan eg ikkje råde over, men det er så utrulig vemodig likevel. Bilete over viser Malin som planta i duftsjærsminen ifjor vår, dei fyrste plantene vi fekk i jorda.


Heldigvis kan eg meddele at alle bærbuskene mine har overlevd og dei fleste staudene. Eg var på Plantasjen idag og kjøpte inn litt nytt, og no er vi straks klare til å lage staudebed. Meir om det seinare.

torsdag 19. mai 2011

Landrøveri

Vi skal snart gå i gang med garasjebyggjing og må i samband med dette sende inn søknad om tiltak utan ansvarsrett. Med litt rettleiing frå mamma og kommunen gjekk dette fint, MEN då eg skulle teikne inn garasja på kartet oppdaga eg at vi ikkje eig grunnen garasja skal stå på (!)
Kva skjedde?! Espen var tilstades under oppmålinga så vi veit kor grensemerka har stått, men kommunen sto på sitt. Vi burde ha kontrollmålt tomta då vi fekk målebrevet, men kven tenkjer på det då? Er målbandet meir til å stole på enn ein GPS? Tydelegvis. Så no må vi levere inn naboerklæring kor naboen bekreftar at vi kan byggje på deira grunn. Vidare må vi på sikt søkje om dispansasjon om frådeling til bustadformål (vi bur i LNF-område) for den skarve flekken kommunen bomma på. Og kva skal dei ha i gebyr når dette er gjort? 15.000 kr! Denne kommuna er så firkanta, vanskeleg og gebyrglade at eg får vondt i magen. Må legge til at tinglysingsgebyr og oppmålingsavgift kjem i tillegg til gebyret frå kommunen. Nokon som vil donere 20.000 kr?

For å forklare kor vi eig grensa ut i frå bilete så er grensa der det oransje flagget står til høgre for taksteinane. Garasja skal stå omlag der bilen står. I praksis eig vi nesten ingenting av parkeringsplassen. At ikkje kommuna kan sjå litt mellom sine eigne fingrar og faktisk la oss få dette området inn på kartet mot eit mindre gebyr. Skal det vere så vanskeleg?!

søndag 15. mai 2011

Sykkelhelg

Det har vore stille nokre dagar på bloggen, men mykje har skjedd den siste veka. Eg har vore i Oslo i tre dagar med jobben og då eg kom heim vart eg sjuk. Det er så typisk at når eg endeleg får kvile og sove heile natta, så vert eg sjuk rett etterpå. Helga har likevel ikkje gitt rom for ro og kvile då Espen og tre andre har arrangert sykkelløp her på Osterøy. Osterøy Rundt gjekk av stabelen for første gong og 25 menn var deltakarar av ei krevande løype på 73 km.
På toppen av Røskelandsdalen og Espen er ved godt mot. Véret er bra og deltakarane er i strålande humør.
Min jobb denne dagen var å ta bilete under løpet fordelt på fleire stadar. I bilen måtte borna vere med og dei var stort sett snille heile vegen. Ein del ventetid vart løyst med kjeks og saft. Med paracet innabords og klinex i veska kom eg gjennom dagen. Eg fekk tatt bilete fleire stadar og med hjelp av tre andre fekk vi dekka løpet ganske bra. Malin sto med flagg og vinka sykkelistane forbi. Her står vi på toppen av Herlandssvingane, den mest krevande bakken i løpet.
Nesten alle fullførte løpet og det var stor stemning. Trass kramper og punkteringar var det ingen klager då dei kom i mål. Dei 25 som var med fekk seg fest på kvelden med lysbileteframvising, film, quiz og anna underhaldning. Stemninga var stor og arrangementet denne dagen har gitt grobotn for satsing neste år.

søndag 8. mai 2011

Jakta på ramslauk

Det har vore planlagt i nokre veker at eg og Lina skulle på ramslaukjakt. Ramslauk veks vilt og smakar som ei blanding av kvitlauk og graslauk. Vi hadde lyst å prøve og lage noko ut av planta, og det fekk vi sjansen til idag.
Eg plukka ein pose med blad, men eg brukte berre ein brøkdel. Eg har ikkje laga meir enn eit glas med ramslaukpuré då eg ikkje veit kva eg skal bruke det til. Har og laga ein liten porsjon ramslauksmør. Oppskrifta eg nytta og eventuelt andre oppskrifter du kan bruke finn du her.
Slik ser planta ut. Minner om liljekonvall, men den har ei karakteristisk lukt slik at du ikkje tek feil og risikerer å forgifte deg sjølv og andre. Vi fant planta langs med ein traffikert veg og skråninga var så bratt at det var vanskelig å gå. Det freistar å finne ein annan stad neste år. Staden er ikkje hemmeleg om du vil plukke på Osterøy ;-)

Nokon som har erfaring med ramslauk? Vil gjerne høyre om det er nokon som har gode idear til bruk av lauken.

lørdag 7. mai 2011

Lyst på svele?

Endeleg kan eg stryke steiketakke frå ønskjelista mi, den har stått på lista nokre år. Pappa og gjengen ga meg steiketakke til 30 års dagen, og gjett om eg vart glad?!
Svele er ikkje lenger så enkelt å få tak i for min del. Det vert som regel på ferjene på veg heim til Sunnmøre. Så no er det kjekt at eg kan lage mine eigne akkurat når det passar.
Svele er best med sukker og smør synest eg, men brunost er også vanleg. Om du ikkje har takke kan du lage det på steikepanna og oppskrift på sveler finn du på nettet. God helg!

Den finaste moldvarpen eg har sett

Eg og Emil har vore ute i hagen og gravd jord idag. Og ein av oss vart veldig skitten, gjett kven... Berre nokre bileter i farta. Eg må skryte av borna av og til og, ikkje berre desse blomane.
Emil sitt ned i holet vi grev i. Planen er å ha utegrill i dette området. Vi brukar jorda til å fylle inntil husveggen kor vi skal ha bed eller plen.
Emil har ein liten hammar som han er veldig glad i.
Skitten og søt.
Det var rett i badekaret etter at vi var ferdige å grave. Bleia var fylt med jord. Han kosar seg slik at eg kan ikkje hindre han i å verte skitten. Eg har trass alt vaskemaskin.

torsdag 5. mai 2011

Men størst av alt er kjærleiken

Kva passar vel betre enn å snakke om kjærleiken når eg har fått den vakraste buska av dei flottaste borna i verda? Eg har i tidlegare innlegg snakka om kjærleik ved første blikk då eg var på gartneriet og berre MÅTTE ha denne vakre skapningen. Eg hadde ikkje kjøpt den fordi den var litt dyr for å vere impulskjøp, men då bursdagen min kom dukka den opp på tunet. Espen hadde ikkje gløymt planta han heller, og eg vart berre så glad.
Dette er Kamellia framdyrka ved Gimle gartneri i Norheimsund. Den er meir tilpassa det norske klima sjølv om den ikkje tåler kaldare klimasone enn H3. Denne sorten heiter "Tom Knudsen". Den er ikkje så enkel å halde. Den tåler ikkje tørke og ikkje mykje fukt. Den skal ikkje ha leirhaldig jord og ikkje jord med mykje sand. Den skal ha full sol, dekkast til om vinteren og vernast for vind. Eg skal verne om den og ta vare på den så godt eg kan, for det er vel det ein gjer med sine kjære?
Sjå kor flott! Dette er ei busk og den kan verte 1,5 meter høg. Den blømer i mange månadar sa gartneriet, men på nettet står det mai-juni. Det er ei nokså ukjent plante så vi får sjå etterkvart. Eg har visst vorte eit hagenerd som kan omtale ei plante med så sterke ord. Når dette berre er byrjinga av hageeventyret mitt så tør eg ikkje tenke på kva som ventar...
Dei vakre perleblomstrane har sprunge ut og er så vakre der dei står. Om eg ikkje har så fryktelig forelska i desse blomane, er eg iallefall glad i dei.

mandag 2. mai 2011

Det fine med å fylle 30 er...

... alle flotte gåvene og helsingane ein får. Heile helga har det strømma på med helsingar frå folk som har huska på dagen min, det er kjekt. Litt gåver har dryssa på meg og, og nokre av dei presenterer eg her.
Jobben ga meg denne flotte buketten. Store, fyldige roser i ein vakker, sart rosa. Passa perfekt inn i alt det lyseblå i stova. Fekk også eit vakkert armband og eit gåvekort på Kremmerhuset. Eg har så snille kollega, det er sikkert.
Etter tre dagar har dei andre blomane i buketten sprunge ut, er den ikkje vakker?
Gåvekort på Plantasjen er ikkje dumt. Ei venninne av meg har indirekte gitt meg desse tre buskene. To buskmure/potentilla "Lovely Pink" og ein kvit gyvel. Tusen takk Iselin. Desse er byrjinga på vår ganske så store skråning langs vegen til huset. Det tek nok si tid før den er fylt opp med busker, men som eg alltid seier; Det vert bra til slutt.
Gammalrosa petunia fekk plass i verandakassa i år. Kjekt å prøve noko nytt. Den er nokså vanleg i dei tusen verandakasser og krukker rundt omkring, men denne fargen trur ikkje eg har sett før. Eg har lyst til å ha noko som brer seg utover og blømer heile sommaren.
Så heilt til slutt viser eg dokke benken frå Plantasjen vi kjøpte idag. Den er ifrå ein venninnegjeng som var hjå meg på laurdag, indirekte gåve den også. Benken står ved inngangspartiet kor morgensola kjem inn. Ein fin stad å sitje om morgonen og høyre på fuglar som syng. Gåvekortet er ikkje brukt opp så eg kjem nok tilbake til kva meir eg har fått. Eg må få vist dokke dei flotte gåvene eg fekk frå familien, eg må berre få tatt bilete av det først.

Eg forstår ikkje kvifor vi kvir oss slik til å verte eldre, ja særleg når vi stig inn i eit nytt tiår. Det skjer ikkje noko over natta akkurat, eg er den same som før. Eg kunne ikkje tenke meg å vere verken 18, 23 eller 27 år igjen når eg tenker meg om. Alle aldrar har sin sjarm, også 30 får eg håpe.

søndag 1. mai 2011

Eg har bursdag idag!

1.mai er for dei fleste ein fridag som diverre vart på ein søndag i år, men for meg så betyr det bursdagsfeiring. Det har vore ein flott dag med sol og varme grader, flagg, blautekake og mange, mange helsingar.
Slik ser eg ut. 30 år og like heil. Eg har førebudd meg på denne dagen i over eit år, og det gjekk fint. Alt er som før og hovudet og kroppen er intakt. Iallefall har det ikkje forverra seg over natta. Bilete er tatt frå festen igår. Meir om feiring, gåver og kloke tankar frå meg når skrotten har fått kvile.