onsdag 30. mars 2011

Kva som går og går og aldri kjem til døra?

Svar: Mine handarbeidsprosjekt, iallefall dei fleste av dei. Eg er heilt håplaus. Eg har så mange idear at eg boblar over av og til, og fornufta vert lagt til sides ein lite augneblink når eg startar på noko nytt. Eg rotar ned i garnsamlinga, leiter opp nokre oppskrifter og byrjar på noko heilt uplanlagt og unyttig. Så går det ein kveld eller to og så kjem fornuften tilbake og eg tenkjer; nei, kva skal eg med dette, ville eg eigentleg bruke dyrbar tid på noko slikt? Kort fortalt, her får dokke sjå noko av det som aldri vert ferdig, men som framleis ikkje har funne bosskassa.
Onkelen min jobba før på Røros Tweed og eg engasjerte han til å skaffe meg store spolar med raumaullgarn som i utgangspunktet er tenkt til teppe. Eg hadde ingen plan med denne investeringa, og eg har gitt bort garnet mitt idag, men eg fekk laga eit skjerf til mamma og nokre hekla lappar.
Eg er veldig god på å hekle lappar, men fullføre er ikkje noko eg mestrar. Eg kan telle på ei hand kor mange tepper eg har gjort ferdig basert på oldemorsruter.
Malin vil så gjerne strikke, men er nok litt lita enno. Men ho er fascinert av garn og ville eg skulle strikke ein lilla genser til ho. Eg kasta meg over engasjementet til min 3,5 åring og strikka byrjinga av ein lilla genser med rundfelling. Etter ein kveld kom fornufta tilbake og eg tenkte at dette gidd eg ikkje. Ho skal ikkje ha lilla genser eitt år til, no skal eg strikke noko anna.
Mamma strikka ei babyjakke som eg monterte. Eg fekk garnrestane og skulle strikke babysokkar som passa til. Eg kom ikkje lenger enn til denne eine sokken som ikkje er montert.
Ikkje veit eg kva eg tenkte dette skulle bli. Dette er ein lapp med bilete av ein katt, kan du sjå den?
Ein enkel vott utan tommel. Mønsteret har eg tilpassa sjølv, men jenta som skulle få vottane har for lengst vorte for stor.
Eg fekk mamma til å sende ned ei Barbie-dukke i posten. Prosjektet var å strikke Barbie-klede for utlodning. Eg laga ein kjole som eg fullførte, deretter denne dressen som aldri har vorte montert. Barbie ligg enno naken i eit kott utan kjole eller dress, og eg kjem nok ikkje med nokon kolleksjon til ein basar med det første.
Huff, dette har vore eit mareritt, kvar skal eg byrje. Eg hadde planar om å strikke meg eit rosa skjørt ein gong som tilbehør til ein bikini eg strikka. Skjørtet strikka eg to gongar og rekte opp begge gongane. Så skulle eg lage kjole til Malin av same garnet, strikka ukritisk og enda opp med den nederste kjolen som var alt for stor både til meg og ho. Ikkje veit eg kva eg tenkte på, men tanken på å prøve kjolen undervegs var fullstendig borte for meg. Så strikka eg ein ny kjole med å bruke garnet frå skjørtet. Kjolen fullførte eg, men då likte eg plutselig ikkje den likevel og rekte den halvvegs opp. Så no har eg to endar av eit skjørt/kjole som ikkje kan brukast til noko som helst.
Eg har eit søskenbarn som elskar skilpadder. Denne hekla eg til henne som ho skulle få i bursdagsgåve for ørten år sidan, men eg monterte ikkje den heller.
Eg hekla ei babyjakke til ei venninne en gong. Nederst på jakka skulle det vere ei remse med lappar slik som over. Så strikka eg først med feil pinne slik at remsa måtte strikkast to gongar. Så no sitt eg med ei remse som eg ikkje veit kva eg skal gjere med.
Så var det desse lappane då. Eg vert så oppgitt over meg sjølv.Kan ikkje huske kva eg tenkte eg skulle lage her.
Dette var eit galskapprosjekt. Volda, min heimstad, hadde ein garnbutikk ein gong som hadde opphørsalg. Dette var på slutten av 90-talet og eg var framleis i startfasen i mi strikkekarriere. Mangel på impulskontroll og store planar gjorde at eg kjøpte ein haug med garn kor eg skulle strikke ein kjole med mykje mønster, fargar og hekledetaljar. Eg hadde aldri strikka mønster før, eg kunne ikkje hekle og i det heile tatt, dette var ambisiøst. Etter nokre år fullførte eg kjolen. Eg lærte meg å hekle gjennom ei bok eg lånte på biblioteket og fekk gjort hekledetaljane. Men etter som åra hadde gått var ikkje denne kjolen fin lenger. Utdaterte fargar og mønster gjorde at eg rekte opp delar av kjolen. Frå brystet og opp hadde eg svart og magepartiet var grønt (for ein fargekombinasjon!), og resten har vorte eit minne om ungdommens strikkegalskap.
Ei tova veske frå tove-perioden. Manglar litt stivheit og detaljar på veska.
Ville så gjerne hekle ein svart løpar til kjøkkenbordet til mamma etter at ho fekk seg nytt kjøkken. Så langt kom eg altså, nokre få centimeter. Emil er veldig interessert i dilldallet mitt, kanskje det endar opp med at han heklar det ferdig?
Oh la la. Var på sykurs og sydde denne kimonoen. Alt er ferdig utanom det enklaste; legge opp kanten nede. Idag kunne eg ikkje tenke med å gå med denne, så eg gidd ikkje fullføre med det første. Størrelsen har blitt endra sidan den gong og så den passar ikkje like fint lenger.
Mitt siste prosjekt. Dette har eg planar om å gjere ferdig ganske snart. Det er ei kåpe til Malin i str 4 så den er framleis litt stor. Kåpa måtte eg byrje å strikke 3 gongar før det vart riktig, det er litt typisk meg, men no har eg montering av armar, festing av trådar og knappar igjen.

Eg har masse garn liggande, men aldri så mange nøster av same sort. Er det nokon som har eit godt tips for å verte kvitt alle desse nøsta? Med det samme kan eg seie eg heklar for tida på eit teppe, i oldemorsruter, kanskje eitt i samlinga av mange ufullførte?

lørdag 26. mars 2011

Ferjestrikk

Kvar dag når eg skal på jobb så tek eg ferje. Med litt ventetid så tek det 15 minutt før eg er på land. Samstundes som eg høyrer på NRK Hordaland strikkar eg som oftast i dei 15 minuttane. Og iløpet av nokre ferjeturar har eg trylla fram eit lestepar.
Eg har vel aldri vore nokon tilhengjar av multifarga garn, men dei var ikkje så aller verst likevel. Eg måtte prøve eit garn eg ikkje har brukt før, Viking sportsragg, og eg likte garnet godt.
Å ta bilete av sine eigne bein er ikkje enkelt.
No er eg god og varm på beina iallefall. Det er fint med slike småprosjekt på ferjeturane. Eg har holdt på med ei kåpe i ei eve no, og den tek så stor plass at den får vere heime. Når eg seier at eg har brukt lang tid på kåpa betyr det ikkje at eg sitt og strikkar og strikkar og aldri vert ferdig, men at den vert nedprioritert. No har eg montering av armar att og festing av trådar, og så er eg ferdig. Det keisamme arbeidet til sist altså....

lørdag 19. mars 2011

Ein skamklipt gut

Les du forrige innlegg så ser du at håret til Emil var ganske så langt. Så eg tok hårklipparen fatt og satte igang. Sjølvsagt utan å tenke meg om... Så litt for kort vart det, men det vart ein slags sveis likevel. Emil satt som eit lys og leika med håret som datt på golvet då eg klippa han, så mine dårlege klippeferdigheiter kan ikkje skuldast på han.
Emil er klar for førstegangstjeneste. Heldigvis, alt kler den smukke og håret veks ut igjen.
Emil er så skjønn, eg vert ikkje mett på smilet hans.
Det er bak som er verst. Håret er ikkje "ferdigutvikla" så det er mange stadar som ikkje har hår enno. Så det vart litt kort bak, men gjort er gjort. Emil har ikkje klaga så langt...
Malin bør kome seg til frisøren ganske så snart, den jobben tek ikkje eg. Som dokke ser så har luggen vokse ned til nasa og er i vegen når ho skal drikke blant anna. Vi har klemmer og strikk, men dei tek ho lett ut att. Ho vil ha langt hår og vil ikkje til frisør, men no må det gjerast. Har ikkje tenkt at ho skal ha lugg lenger, ho vert så varm, så derfor har vi utsatt klippen ei stund.
Imorgon skal eg vere hårmodell for ei venninne, så her er heile familien i hårmodus :-)

onsdag 16. mars 2011

Eit lite livsteikn frå meg og Emil

Dagane går som hjå dei fleste. Jobben tek store delar av dagen og det er lite att når ein kjem heim. Det vert ikkje så mykje tid til å ta bileter på den korte tida det er lyst ute, men heldigvis går vi mot lysare tider. Idag kjente eg våren tok tak i vinteren. Sjølv om det er kvitt ute og vi er igjen utan bilveg, så ser eg at våren er her og at vinteren snart ikkje klarar å halde seg fast.
Emil veks og utviklar seg i eit raskt tempo. Han er snart 16 mnd og er ein travelt opptatt kar. Han klatrar i bokhyller og utforskar det meste noko som er ganske travelt, men samstundes har han utvikla ei flott lita personligheit.
Emil er alltid blid, ein kosegut og storsjarmør. Han likar å teikne, leike med bilar og blade i bøker og album. Danse er kjekt og apetitten er det ingenting å seie på.
Han søv til og med betre på natta no slik at foreldra får sove litt meir. Eg kjenner overskuddet er på veg tilbake. No er det berre våren eg ventar på.
Gyngehesten som Emil fekk til dåpen med morfar og besta har han endeleg funne glede i.
Dei lyse, tynne hårstråa stikk opp her og der. Håret hans har vokse utruleg fort og eg har allereie stussa håret ein gong.
Dette innlegget er vel mest retta mot familie og vener, men kanskje nokon andre av dokke synest han er pittelitt skjønn og? :-)

søndag 13. mars 2011

Nye bileter frå barnerommet

Eg var i ein diskusjon vedrørande barnerom og henviste til bloggen for kva fargar vi har på rommet til våre born. Då eg sjekka bileta var dei jo eitt år gamle, og det er vel derfor eg bloggar eit nytt innlegg om det. Sidan sist har vi no to born buande her.
Å ta bileter i halvmørket er alltid ei utfordring. Denne furupanelen stel mykje av lyset. Det skal etterkvart verte kvitt, men pr idag er det altså slik. Veggen til høgre er malt i fargen "Himmel" frå Butinox, dei tre andre i "Perle" frå samme leverandør. Eg er kjempenøgd med fargane.
Møblane for oppbevaring byrjar å verte utdaterte. Vi treng meir plass både til klede og leiker. Møblane kjøpte vi når vi budde i ei trang lita leilighet og hadde alt anna enn god plass.
Her søv Malin. Veggane er ikkje så dekorative enno, men Emil riv ned alt han får tak i så vi ventar litt med det.
Emil si seng, samt kjøkkenet til Malin som vi kjøpte på Toys'r us ifjor. Ho inviterer gjerne oss til middag. På menyen er det mest fisk. Gardinene har eg sydd sjølv. Lengdene er kjøpt på IKEA, men har klipt dei opp og laga kapper av restane.

lørdag 5. mars 2011

Nødvendig forbetring på badet

Det er litt stille på bloggfronten for tida. Ikkje besøk eg bloggar så mykje og ikkje har eg noko å blogge om sjølv. Det har ei naturleg forklaring; VM på langrenn, hopp og skiskyting. Sjølv om det ikkje vert så produktivt med blogginnlegg eller anna, har eg fått byrja på den store jobben med å male lister. Heile huset har umala lister og badet var først ut.
Eg byrja med det lettaste. Badet har nemleg ikkje golvlister og furutaket ventar vi med til det vert sommar.
Det vart så mykje betre og ikkje var det keisamt heller. Eg har brukt vannbasert maling og var faktisk nøgd med resultatet. Før har eg sverga til oljebasert, men vannbasert er komen for å verte så eg kan likegodt berre nytte det først som sist.Slik såg det ut før. No tenker eg berre at dette kunne eg ha gjort for lenge sidan.
Heilt tilslutt må eg vise dokke Malin som skulle ete pizza ikveld. Ho satt og åt då ho plutseleg sovna. Snakk om å verte utslått av maten...