mandag 31. januar 2011

Etterlengta og nødvendig maling på kjøkkenet

Vi har budd i huset no sidan 20.februar ifjor og det er framleis veldig mykje å gjere. Nyetablert vil eg vel kalle meg dei neste fire åra for alt kan ein ikkje ta på ein gong. Noko av det som har vore viktig å få gjort, men som vi har utsatt så alt for lenge, er å grunne veggen over kjøkkenbenken. Vi har planar om å flislegge her, men sidan vi ikkje vert samde om kva fliser vi skal ha, må vi beskytte veggen med eit lag grunning.
Bilete over er tatt rett etter at vi flytta inn. Og slik har det vore sidan. Eg såg igjennom bileta for året og eg har veldig lite bileter av kjøkkenet nettopp fordi eg synest det er så stygt med den brune sponplata. Listene våre er og umalte, så det er også eit prosjekt på lista.
Slik ser det ut no ikveld. Dette etterkvart så mykje omtalte lyset manglar også hjå oss, men det er berre å samanlikne med det øverste om ein vil vite korleis det eigentleg skal sjå ut. Poenget er iallefall at no er veggen kvit og rommet lyste så utruleg godt opp. Fint vart det og og mi stemme går til kvite fliser.
Sjekk her korleis vi har hatt det. Steikefett som har spruta på veggen. Ikkje mykje verdig for eit nytt hus. Så gjenstår det å verte einige om fliser. Har du noko forslag kanskje?

søndag 30. januar 2011

Førsteklassebilete

Eg veit ikkje korleis bileter av førsteklassingar ser ut idag, men på mi tid så var det mange som satt ved ein pult med ei mattebok framfor seg og ein blyant i handa. Slik minne Emil meg om når han no har byrja å vise interesse for teikning.
Det er lett for at det vert ein del skrytebileter av dei små i bloggen sjølv om intensjonen ikkje var å vere mammablogg. Sidan dette er ein kvardagsblogg er det naturleg å vise det ein held på med til kvardags og då er det ungane først og fremst som får fokus. Husarbeidet bloggar eg ikkje om...
Emil er så skjønn altså. Eg er så heldig. No er han 14 månadar og har altså tatt pennen fatt. Det er ikkje så lett å få sterkt nok trykk på blyanten, men vi ser strekane han lagar. Dette er fine minner. Det kan no hende han vert ein berømt kunstnar ein gong og streka vert solgt på aksjon for millionar.
Som ein førsteklassing sitt han og kosar seg. Søstra er mykje meir ivrig med tekning enn han, og eg skal gjere mitt for å stimulere til kreative krumspring for dei begge.
Medan eg ventar på dei store kunstbileta får eg kose meg med dei svake blyantstrekane han lagar idag. Uansett strek går bileta rett heim hjå meg.

søndag 23. januar 2011

Jubileum i Åpent Hus

Etter utfordring frå Frk.Fosse deltek eg på bloggen Åpent Hus si jubileumsfeiring. Bloggen har runda 100.000 besøk og har fine premiar til dei som deltek og vinn.
Oppfordringa er som følger: "Eg oppfordrar deg til å presentere noko som har stor immatriell verdi for deg. (altså som har verdi langt utover kva det kostar) og forklare kvifor. Lenke så til dette lotteriinnlegget, og send utfordringa vidare til to andre bloggarar."
Denne gyselige og sjarmerande krakken er eg veldig glad i. Den kosta meg ingenting fordi eg har arva den etter onkelen og tanta til mamma. Då eg byrja på barneskulen hadde vi fri ein dag i veka og denne dagen var eg hjå dei. Tante Astrid baka rundstykker og steikte sjølvfanga fisk medan eg satt på krakken og prata om laust og fast. Eg huskar eg fekk smør og honning på dei varme rundstykka, og eg fekk skrape frå panna der fisken var steikt.
Det morosamme med denne krakken er at den har eit skap under seg. Der hadde dei skokremen sin. Fargane på krakken seier vel noko om at den er nokre tiår gammal. Eg har planar om å oppdatere den litt etterkvart. Det er fint å ha denne krakken som minner meg om onkel Elling og tante Astrid.

Eg sender utfodringa vidare til Livet på Bostad og Fjordlykke. Og så utfordrar eg alle andre, med eller utan blogg, å delta på utlodninga på Åpent Hus. Bloggen er vel verdt eit besøk uavhengig av konkurransen.

Strikkeproduksjon - mønstra vottar

Eg elskar å strikke. Hadde det vore opp til meg hadde eg strikka i fleire timar om dagen. Det er likevel ikkje det første eg prioriterar av dei 24 timane eg får utdelt kvar dag, men i det siste har eg prøvd å få strikka litt kvar kveld. Eg held på å strikke ei kåpe til Malin og er klar til montering, men før eg tek til med pirk og trådfesting, strikka eg eit par vottar for avvekslinga si skuld.
Det var meininga det skulle verte nokre vottar til ein liten gut som kjem i mars, men vottane var så store i storleiken at eg tenkte Emil kunne trenge dei. Då Malin prøvde dei forsto eg at Emil var for liten og, så desse kjem nok ikkje i bruk før neste vinter. Vottane er strikka i mønster frå Pt design, hefte nr 89. Store i storleiken altså, men veldig gode og varme.

mandag 17. januar 2011

Sjokolademums

Eg laga sjokoladekake med sjokoladekrem i helga i anledning søndagskosen. Og den forsvann like fort som den kom på bordet. Emil kasta seg på karusellen og åt kake til heile guten var full i sjokolade. Dette falt tydelegvis i smak. Bileta talar for seg sjølv.



Ønskjer alle ei flott, ny veke.

søndag 16. januar 2011

Snømenn i tre generasjonar

Det har vore ei hektisk helg, men veldig kjekk. Mamma er her og då er det full rulle med leiking frå morgon til kveld. Eg nyttar anledning til å rydde bod og anna rot som har lagt ei stund.Derfor kjem innlegget om snømannane først no sjølv om det var igår det skjedde.
Snøen er endeleg kram nok til å lage snømenn. Det betyr regnbukse utanpå dressen, men det gjer ingenting. Malin er kjempeglad for å vere ute uansett.
Det vart pappa som vart snømannmakar. Den første snømannen vart mest forseggjort med munn, auger, nase, armar og sjal. I følge Malin er dette mormor.Her er tre snømenn. Alle med sjerf, armar, auger og nase. Godt jobba!
Dette er meg. Eg har fått Valestrand/Hjellvik-skjerf for anledninga sjølv om det framleis er litt tid før 3.divisjon sparkar igong.
Mormor er den største og flottaste. Sjølvsagt.
Heilt tilslutt. Malin, den minste. Minner meg om ein pingvin og den er den søtaste. Tre generasjonar med snømenn altså.

mandag 10. januar 2011

Kvalitetsrammer for ein rimeleg penge

Eg tek historia heilt frå starten. Den gongen Malin skulle til fotograf valgte vi Fame fordi vi fekk eit tilbud om gratis fotografering og framkalling av eitt bilete (miniatyrstorleik). Det var lite gjennomtenkt då ein hjå Fame ikkje kan få bileter utan at ein vel ramme, og prisane hjå Fame er i utgangspunktet skyhøge. Ikkje var eg nøgd med kvaliteten heller. Bileteramma vi fekk hadde sponplate bak og var lysegul. Heilt forferdeleg på alle måtar så bilete har aldri vore hengt opp.
Over ser dokke Malin som seks månadar. Det var på tide når ho nesten var 3 år at ho skulle få kome på veggen. Den lokale fotografen her på øya hjalp oss med å ramme inne bilete som ikkje hadde så mykje liv i seg i utgangspunktet. Kjempeflott arbeid, men prisen var 1000 kr.
Då Emil skulle fotograferast i 6 månadarutgåve valgte vi den lokale fotografen. Veldig fine bileter og han gjorde seg i flid. Likevel ville eg ikkje få laga rammer av han fordi det ville koste flesk. Så då var det å leite etter nokon som kunne hjelpe lommeboka mi litt.
Hjå finerammer.no får ein 3 rammer og passepartout for bilete storleik 13x18 for omlag 500 kroner. Passepartouten er handverk laga av finerammer.no og kvaliteten er bra.
Eg har eit bilete tilsvara det av Malin som 6 mnd og ein kunstplakat som eg vil ramme inn. Så det vert nok ei bestilling til.
Eg vart så nøgd når eg gjorde slik eit kupp. Det er aldri kjekt å betale meir enn ein må. Og bileterammene og passepartouten er syrefri, akkurat slik som det skal vere.

søndag 9. januar 2011

Kunst på kjøkkenet

Kjøkkenet mitt er blotta for fargar og innspel. Eg manglar framleis gardiner etter at julegardinene er tatt ned og det vesle som er av veggar har heller ikkje fått noko bileter eller pynt. Rett og slett keisamt og det har eg byrja å gjere noko med.
Til jul fekk eg av mamma dette flotte keramikkbilete laga av Ingeborg Rørvik Lejon. Ho har keramisk verkstad og utsal i Volda og det gjer at det er ekstra kjekt å ha eit slikt bilete. Ein kjenner veldig lett kor ein kjem ifrå når ein ikkje lenger bur der. Meir om Ingeborg og kunsten hennar kan du finne på heimesida. Skulle ha vist dokke kva slags vegg denne står på, men får heller gjere det når eg har rydda og har fått nye gardiner.
Eg har meir lokal kunst på veggen. Emil ga oss dette i julegåve. Synest dette var utruleg flott. Dei har tatt ei vanleg bileteramme og mala utanpå glaset istaden for å ramme inn eit bilete. Og ikkje er det brunlilla heller slik som mange av barnebileta er, berre masse fargeglede.
Bilete til Emil er ein del av barnebileteveggen vi har mellom stova og kjøkkenet. Her skal vi henge opp dei flottaste bileta, gjerne bytte ut litt etterkvart som nye bilete kjem inn, og så har eg eit ønskje om ei magnettavle med svart tavlemaling. Eg treng ein stad til å henge opp månadsplanar, ubetalte regningar og mine berømte lister. Det var berre å få tid til å gjere det først. Tida får vise seg, men medan ein ventar kan ein no nyte det som vi allereie har på veggen.

lørdag 8. januar 2011

Sommarferieturen er bestilt

Det er i desse dagane folk bestiller sommarferieturen og vi er ikkje noko unntak. Saman med to andre familiar reiser vi i år til Danmark. Vi har bestilt ei stor hytte i Marielyst med plass til mange. Marielyst er ein kjend feriestad som ligg på øya Falster heilt sør i Danmark.
Vi håpar sjølvsagt på fint vèr og gode bademoglegheiter. I huset som vi skal bu i er det boblebad og jacuzzi samt at vi har gratis tilgang til eit badeland, så det skal ikkje stå på moglegheitene om det regnar. Marielyst ligg også nær Tyskland så planen er å få stikke innom tyskegrensa slik at vi har sagt at vi har vore der og.
Marielyst er kjend for å ha ei av dei vakraste strendene i Danmark. Den har fått det internasjonale blåe flagget som inneber strenge krav for miljø, sikkerheit, service og kvalitet på vatnet. Vi gler oss til å gå barbeint i den mjuke sanden og forhåpentlegvis bade her.

tirsdag 4. januar 2011

Nybakt brød, eit steg i riktig retning

Eitt av mine nye mål for året er å bake meir brød. Eg såg Matlyst på NRK for litt sidan kor kokken Bodil Nordjore fortalte at vi ikkje måtte kjøpe brød som var tilsatt kveitgluten. Då eg var i butikken og skulle finne eit brød utan dette, så fant eg ingenting. Kveitegluten er med å få brøda til å verte fine og luftige, men samstundes aukar det sjansen for intoleranse og allergi når ein får så store mengder gluten i seg. Fordi eg er den pliktoppfyllande mora eg er (hehe) kjente eg at eg måtte byrje å bake brød for gjere mitt for at borna mine ikkje skal få allergi.
Og heimebakte brød er ein innartiar i dei fleste heimar. Emil fekk verkeleg smaken på det og ville ikkje gi seg med å ete med det fyste.
Oppskrifta er for fire brød, men eg fekk fem. Det står i oppskrifta at det skal tilsaman vere 2,3 liter væske, og då må det ein del mjøl til for å få deigen til å verte passeleg. Derfor skal eg ikkje lese oppskrifta på same måte neste gong. Eg gjorde det i omvendt rekkefølgje også, nemleg ha det tørre i før det våte fordi eg nytta tørrgjær. Deiga var så stor at eg måtte ta bollen ut av kjøkkenmaskina og elte sjølv. Det tok rett og slett heilt av med deigproduksjon. Så om du vil prøve dette brødet, bruk mindre væske til du ser kor mykje du treng.
Brødet innheld blant anna grov rug og kveitkorn, linfrø og solsikkefrø. Det smakte heilt fantastisk med smør og brunost. Litt av grunnen til at eg ville prøve dette brødet er fordi Bodil Nordjorde som har laga denne oppskrifta har så fin dialekt at eg kunne ete kva som helst om ho snakka til meg medan ho serverte. Ho kjem frå Vinje i Telemark og har etter mi meining den finaste dialekta i Noreg.
Malin åt to gode skiver med smør og brunost og sovna på sofaen rett etterpå. Då var klokka halv seks og eg måtte tilslutt legge ho i senga for ho var så trøytt. Ikkje veit eg om det var brødet som slo ho ut, men om du vil prøve å sjå om du sovnar av skivene du og, så har du oppskrifta her:

Ingrediensar
1,5 l vann (i oppskrifta står det 2 liter, så prøv deg fram)
3 dl heile kveitekorn
3 dl olje
3 ts salt
2 dl grov rug
3 dl lettkokte havregryn
2 dl solsikkekjerner
2 dl sesamfrø
2 dl linfrø
1 pakke gjær
kveitemjøl til passe deig (ca. 1 kg)

Slik gjer du:
Kok opp 1 l av vatnet for å bløyte heilkornet. Ha den varme massa i eltebollen og spe med vatn til det er passe god temperatur. Bland inn gjæra. Bland inn mjølet, byrje med det grovaste og ha i det finaste til slutt. Ha i så mykje kveitemjøl at deigen nesten slepp bollen, og elt den i maskina i 10-15 minutt. La den heve to-tre gongar, det vil seie at du slår deiga ned igjen. Då vert det mindre gjærsmak, og brøda smakar betre. I denne oppskrifta er det brukt olje, så pass på å ikkje ha for fast deig då dei fort kan verte tørre. Bak ut fire brød og legg dei i ei langpanne. Pensle med kaffe.

Sett ovnen på det varmaste du kan. Sett brøda inn når ovnen er varm. Steik brøda der i 10 min, då får du ei knasande sprø skorpe. Så skrur du ned til 170 °C, gjerne varmluft, og steike dei ferdige der i omlag 40 min.

Har du brødbakemaskin, har Bodil tilpassa oppskrifta. Sjå her.

søndag 2. januar 2011

Nytt år, nye planar

Eg har ein tendens til å utsetje ting eg ikkje har så veldig lyst til. "Eg skal byrje å trene, men må vente til mandag først". "Skal berre..." eller "Eg må berre gjere .... før eg kan gjere...". Nokon som kjenner seg igjen? Nytt år, ny moglegheit til å utsetje ting. Likevel har eg nokre ønskjer for det nye året. Eg likar å få gjennomført ting eg og.

  • Trene to gongar i veka (eg skal berre sove heile natta først..)
  • Drikke masse vatn og halde meg til laurdagsgodt (må berre ete opp det vi har frå jul først..)
  • Montere hyller på boda. Eg ryddar boda annankvar månad fordi eg stablar alt oppe på kvarandre, og når eg treng det som er nederst vert heile boda endevendt og satt ut av system.
  • Montere skap på vaskerommet.
  • Bygge garasje. Material har vi fått, men det gjenstår å sende inn byggesøknad. Vi tar til når våren er komen.
  • Planere nederste delen av hagen, så plen og planlegge ferdig hagen. Plantene får vi ta litt etterkvart.
  • Meir tid til leik med borna (eg skal berre samle overskudd først...)
  • Tid til strikking, saum, scrapping.
  • Lage meir mat. Bake brød og lage fiskemat er noko av ønskja (må berre ha ein betre butikk først)
  • Male lister og tak. No er alt i umala furu.
  • Meir tid til vener som dette året har måtte vike for etablering i nytt hus og små born.
Dette får halde tenker eg. Så får eg ta fram lista mi når året har gått og sjå kor stor andel eg faktisk gjennomførte. Det er vel berre til å setje i gong då, eller skal eg vente til imorgon kanskje?

ETTER EN RANGEL
av Jakob Sande

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zidons bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå up når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrgja på den gode veg, som sagt,
trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile djevlesmakt,
trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er så spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å læske meg på fyrst,
trur eg.

lørdag 1. januar 2011

Tilbakeblikk på 2010 i bileter

Det har vore eit langt, innhaldsrikt og kanskje det tøffaste året nokon sinne. Vi har møtt mykje motgang, men vi har også oppnådd desto meir. Eg vil vise året som har gått og minne oss på alt vi har fått til. Det har vore stritt, men kanskje desse bileta fortel noko om at det var verdt det.
02.01: Året byrjar kaldt for vår vesle Emil. På dette tidspunktet er han 5,5 veke og må ha på seg godt med klede. Januar var stort sett kald og gradestokken var aldri over -10 grader. Når vi ikkje kunne køyre bil fordi vegen opp til huset var isete og glatt, vart det berre trilleturar opp bakken når eg måtte. Stakkars unge for eit liv han levde på denne tida. Vi pendla mellom ein kald byggeplass fullt i støv og kjemikalar med -13 grader utandørs og heime. Vi hadde ikkje revers på bilen (ja det er heilt sant) så det begrensa seg med køyring denne vinteren.
02.01: Malin kosa seg ute i snøen og vart godt påkledd. Når eg ser på dette bilete er det mykje som har endra seg på eitt år.
06.01: Eigeninnsatsen var godt i gang. Flisleggarane kom ei veke før tida og vi handla fliser i hu og hast. Heldigvis var mamma her og kunne hjelpe meg med Emil. Det var godt å ha ei trillepike når alt skulle handlast inn og bestemmast.
Kjøkkenet var eit mareritt. Eg vil ikkje anbefale å montere eit så stort kjøkken sjølv. Når benkeplata skulle tilpassast tre stadar på ein gong og benkehøgda var litt lavare enn standard grunna vindauga, vart det litt vanskelig. Vi var mange som monterte kjøkkenet og alle tolka ting ulikt. Mange kokkar....
03.01: Vi fekk god hjelp til maling og tapetsering. Espen hadde ikkje komt i mål utan at Steffen (onkel og nabo) hjalp han. Dei sto på kveld etter kveld før jul for å verte ferdig til dugnaden etter nyttår. På bileta ser du Steffen og bestefaren øverst, og Jo Vegard og svigermor nederst. Vi mala Refleksjon og Sjel til den store gullmedalje og eg er enno svært nøgd med fargevala.
06.01: Bror min, mamma og pappa budde alle med oss i den vesle leiligheta medan eigeninnsatsen pågjekk. Male, male, male.... Pappa sparkla, grunna, tapetserte og malte vaskerommet samt monterte kjøkken. André malte og mamma malte og passa unga. Stian hjalp Espen med golvlegging. Kva skulle ein gjort utan hjelp. Vi er uendeleg takknemleg.
31.01: Er det rart ein vil flytte når ein bur slik?
07.02: Det byrjar og nærme seg. Ein del motstand møter ein jo heile vegen, men det kjem seg dag for dag. Byggeprosessen kan lesast under "husbygging" her på bloggen.
Trappa vi fekk var feil, den vart levert utan at trinna var tette. Dette hadde jo vore kjekt å ha, men vi får gjere noko med det etterkvart. Hadde vi skulle fått ny trapp så måtte vi ut med så mykje pengar at det var ikkje verdt det. Vi har ikkje mala den heller, men det kjem før eller seinare.
16.02: Fire dagar før flytting brekk Malin foten. Plutseleg hadde vi to born som ikkje kunne gå. Vi hadde mykje som skulle pakkast og vaskast og vi måtte rett og slett ringe mødrene våre og be om hjelp. Dei bur langt frå oss, men dei forsto alvoret og hjalp oss med å kome i mål. Malin gjekk forresten ikkje på seks veker så det var ei krevande tid berre med det.
19.02: Imorgon flyttar vi inn og det ser slik ut. Espen er ivrig til å flytte inn og ryddar ut det verste, men når dagen var komen så var heile huset dekka med sagmugg. Dette skulle vi flytte to små born inni. Mora til Espen sto på for at det skulle vere levbart, og Katrine kom seinare og hjalp meg med andre etasje. I ettertid meiner eg vi skulle ha venta nokre dagar til alt var rydda, men samstundes var det kun denne helga vi kom opp med bil.

19.februar var også den dagen vi oppdaga at det ikkje var vatn i huset. Verken rørleggar eller elektrikar fekk det til når dei skrudde på vannpumpa. Florvåg ville ikkje ta på seg ansvar og dei som leverte boreholet skulda på rørleggar. Krise! Etter titals telefonar kom 3 rørleggarar, han frå boreselskapet og elektrikar var og tilstades. Det var eit hønseliv utan like. Alle var sinte på kvarandre. For det første så viste det seg at både rørleggar og eletrikar hadde montert pumpa feil. Mannen frå boreselskapet var rasande og meinte dette kunne gå verkeleg ille. Så tok rørleggarane ein sjekk gjennom huset og fant ut at alt var montert feil av kraner, utvendig rør, rørskap osv. Det ordna seg tilslutt, men Espen var temmeleg sliten når han kom heim den dagen.
28.07: Vi har flytta inn og mykje er komt på plass. Lyset skin inn og vinteren viser seg frå ei god side denne dagen.
07.03: Det snør og det snør. Vi er no inni våren ifølge kalendaren, men ute er det større snømengder enn nokon gong. Det må dugnad til for at naboane ikkje skal øydelegge taka sine.
14.03: Emil døyper seg. Ein kjempefin dag. Vi feirar i nytt hus med brennsnut og kaker. Gjestane må ta beina fatt opp til huset i bunad og dress, men alle er ved godt mot.
20.03: Dagen vi aldri kjem til å gløyme og som kanskje står som den dagen i året som var den verste. Det kjem vatn opp av slukane i 1.etasje og heile gangen, badet og vaskerommet er fyllt med vatn. Vi ante ingenting og fekk ein rørleggar på besøk. Ein rask kikk ute konstanterte at vi hadde ikkje avløpsrør mellom hus og biovac (kloakktank). Vi var fullstendig sjokkerte. Korleis er dette mogleg? Florvåg Bruk tok nok ein gong ikkje skulda for problema og vi måtte ordne opp sjølv. Rørleggar ville ikkje gjere noko heller sidan dei fekk oppdrag frå husbyggar. Kommunen kom på besøk og tok bileter av stasen som låg utanfor stoveglaset, og dei hadde aldri opplevd maken. Kommunen ga ein smekk på fingeren både til den eine og den andre og trekte ferdigattesten tilbake. Husbyggar skulda på snøen og rørleggar kom og ordna opp. Det ordna seg tilslutt denne gongen og, men igjen måtte vi kjempe med klørne for å få det i orden.
02.04: Endeleg er snøen vekke. No er det tid for utearbeid. Vi ryddar boss og Espen gjer klart til bygging av verandaer og inngangsparti.
09.04: Heilt slutt på problemer er det ikkje. Internett kjem ikkje i hus og elektrikar har gjort så mange tabber på huset at vi kunne skrive ei bok. Det går fem månadar frå vi flytta inn til vi får internett, men etter mange mail og telefonar får vi ordna det og. Alt ordnar seg for snille jenter, berre ein kjempar litt først.
13.04: Første veranda er ferdig. Vårsola sin og vi kosar oss.
16.04: Hagen er ferdig opparbeidd og planert. Det kriblar i fingrane etter å ta fatt.
01.05: Inngangspartiet er ferdig. Espen kosar seg med bygging.
05.05: Emil får smake graut for første gong.
07.05: Nattefrosten er borte og vi er i gang med plenen. Malin kosar med jord og graving, og ho er utan tvil ei utejente.
08.05: Våren kom seint, men godt. Eg har planta to epletre og bjørka byrjar endeleg å verte grøn. Espen er igang med terrassa.
09.05: Oldefar og Malin kosar seg saman. Dette er verdifulle minner.
13.05: Terrassa er ferdig. Nok ein gong kjem folk og hjelp oss slik at ikkje Espen skal stå aleine med alt arbeidet. Denne gongen var det Steffen, Jostein, Stian og bestefar som hjalp.
17.05: To nydelege ungar i bunad. Malin koste seg denne dagen med tog, ballongar og is.
17.05: Mamma og Ivar var på besøk denne dagen og fekk oppleve 17.mai på Valestrand. Her er vi ved Ole Bull-huset, og etterpå ventar det kaker og brus ved skulen. Nokre leikar fekk vi tid til og før Malin fekk prøve sightseeingtoget som kom denne dagen.
18.05: Plensåing.
30.05: Vi er i Haugesund med familien og denne dagen tek vi turen til Ryvarden fyr. Eit magisk vèr utan vind. Det var ein flott turveg ut til fyret og vel framme var det kafé og moglegheiter for å kjøpe kunst. Tilbake i Haugesund venta mor til Espen oss med potetball.
05.06: Espen fullfører Bergen-Voss for 2.gong. Jo Vegard var også med.
22.06: Slåtten er unnagjort. Det er fine dagar med lite klede og ein is i handa.
23.06: Emil er 7 månadar. Det herligaste smil og dei vakraste auger. Eg smeltar heilt når eg ser tilbake på desse bileta.
01.07: Gardinene er endeleg på plass. Gardinene blafrar i vinden og alt er nesten som på film.
Plenen er grøn og fin etter mange timar med arbeid.
02.07: Bror min kom på besøk i ferien sin, men endte som sengeliggande og sjuk. Her er det middag etter nokre timar med malearbeid. Dette er eit av dei siste bileta vi har av bestefaren til Espen før han døydde 26.august. Sjølv om det ikkje er min bestefar og eg har ikkje kjent han i så mange år, så saknar eg den gamle mannen.
03.07: Malin utøver seg som kunstnar på husveggen.
03.07: Naboane er igjen på plass for å hjelpe oss. Vèret er dårleg så vi må utnytte den tida vi har til å male. Huset har fått det første strøket og til det har Jostein, Steffen, Rune, svigermor, bestefar og André hjelpt oss i tillegg til oss sjølve.
17.07: Nyttehagen min er opparbeida. Mykje gjenstår, men mykje er også gjort. Til våren trengs det meir jord, meir gjødsel og meir planter.
11.07: Eg er i Volda saman med ungane. Sommaren er stille i Volda, men vi nyttar oss av det og kosar oss med leikeapparata i barnehagane.
11.07: Vi prøvar oss på bading, men vatnet er iskaldt.
12.07: Nokre kaker har no det vorte iløpet av året. Denne er ein av dei eg har vore mest nøgd med. Ostekake med jordbærlokk.
18.07: Sola glimtar med sitt fråvær i juli. Det regna i bøtter og spann, og det var ikkje så lett å vere ute så lenge om gongen. Ein av dei som fekk besøk denne våte sommaren var Galleri Mjøsvågen som ligg i Hosanger her på Osterøy. Vel verdt eit besøk.
Malin elskar å springe i graset og det var herleg dei dagane ho kunne gjere det. Ho fryda seg slik eit barn berre kan gjere. Det vart mykje "gøyme og leite" eller "gøymespelet" som dei seier her, men det var ganske så originale reglar kan du seie. Gøy hadde ho det iallefall.
25.07: Når ein ikkje reiser på ferie kan det vere kjekt å ta teltturen ut i hagen. Vi slo opp teltet og håpte på overnatting, men det tok ikkje mange dagane før regnet kom og skylte vekk både teltet og draumen om telttur. Det er iallefall sikkert at vi prøvar med ny telttur i året som kjem.
03.08: Vi malar og vi malar. Malearbeidet tek aldri slutt. Det var no vi tenkte at det kunne vore greit med eit enkelt hus utan vinklar, møner og rekkverk.
Vi vart ferdig med første strøket heldigvis, men det regna mykje denne sommaren så det var berre akkurat at det gjekk. Neste år er det på'n igjen og då håpar vi sjølvsagt at vi har like gode hjelparar som i år.
07.08: Eg fekk låne ripsbuska til naboen i påvente av at mine eigne busker skal verte store nok. Eg plukka nok rips til litt gele og nokre måltid med rips og is. Rips er også populært i små barnemunnar, så vi hadde eit par veker kor vi kosa oss under buskene.
14.08: Ole Bull-spelet på Valestrand. Utescene med mange flotte skodespelarar og ei fengande historie. Musikken var fantastisk og naturen, vèret og stemninga var upåklageleg. Det går rykte om at spelet skal settast opp igjen i 2012 i samband med Bergen festspel så då må alle kome og sjå.
15.08: Emil og eg kosar oss i det fine augustvèret. Vi utnytter sommarvéret maksimalt.
24.08: Tur til Volda om sommaren er aldri nokon suksess vèrmessig, men det var godt å ta seg ein tur heimatt. Her er vi på badeplassen og vi var ganske så aleine. Ikkje så rart kanskje...
25.08: Ein stor dag er komen og lenge venta på. Malin fyller 3 år og dagen feirast heime hjå mormor. Malin var yr og glad, og hadde ein flott dag med fine presangar som har i ettertid vore godt brukte.
04.09: Siste grillseansen for sesongen. Her er vi på Kleiveland med Inge og Marit. Masse god mat og familie.
21.09: Soppsesongen bankar på døra. Eg er ein tilhengjar av sopp, men det var ikkje så lett å få tid til å plukke. Derfor fekk det halde med bilete av ein vakker, men giftig sopp i vegkanten. Nokre fine haustturar med vogn fekk vi gjort om ikkje anna.
Emil har verkeleg byrja å markere seg. No skal alt undersøkjast og mor har nok med å halde vekk alt som kan øydeleggast. Dette er litt av ein type, det byrjar vi å merke no.
25.09: Sommaren kjem på etterskot. Nokre herlege dagar på tampen av hausten. Det var kaldt om morgonane, men på dagen kunne ungane gå med sommarklede og det var rett og slett heilt nødvendig at vi fekk nokre dagar av denne sorten etter ein tung og grå sommar.
23.10: Lite ante vi at tre veker etter det flotte vèret kom snøen som gjorde oss veglause i ei veke. Malin kosa seg med aking og synest alt var topp, og Emil fekk lufte seg han og. Heldigvis forsvann snøen igjen og vi fekk ein vakker november.
06.11: Mamma kom på besøk. Ho var bestilt som barnevakt eit halvt år før då vi skulle på Mama Mia. På same tid fekk vi bakt til jul og ungane fekk leika seg med mormor.
20.11: Etter 30 år som supportar fekk Espen endeleg tatt turen til Liverpool. Det var ein stor draum som gjekk i oppfylling og han vil snart tilbake sjølv om han må ta fly. Å stå på Anfield og høyre "You never walk alone" kan vel berre dei som har vore der vite kor magisk det er.
23.11: Vesleprikken fyller eitt år. Han diverre sjuk denne dagen og orkar ingenting. Han tok forresten sine første steg 14.november, men etter at han vart sjuk stoppe det opp for nokre veker. No er han i full gang igjen og går nesten heile tida.
Malin har fått fullstendig dilla på å teikne. Ho kjem heim med fleire teikningar frå barnehagen kvar dag, og ho har vorte ganske så flink. Ho teiknar alle ho kjenner, vegar, bilar, nissar og alt som treff ho i hovudet. Personane har auge, nase munn, armar og bein. Når ho fargelegg treff ho streken ganske bra. Elles likar ho godt å pussle og må stadig introduserast for nye pusslespel i barnehagen.
Emil klatrar, riv ned det han får tak i, tek på alt, et og bit på det meste og er ein tornado eg sjeldan har sett maken til. Han tek all merksemd då vi må halde et auge med han kvart eit sekund. Han er rask på labben og snar til å gjere noko gale så fort vi vender ryggen til. Ein skikkelig liten Emil altså.
Eg har ikkje sagt så mykje om vegen vår i år, men den er der og den er slik som før. Vi har vore veglause i ein månad no, det vil seie at vi ikkje kan køyre opp bakken til huset vårt og må derfor ta beina fatt.
Vi parkerer i botn av bakken og så tek vi meis eller vogn alt etter føre og går opp. Ryggsekken er god og ha, men likevel ønskjer vi oss ein firhjulstrekk. Så vinn vi i lotto står den først på prioriteringslista.
Og no er vi altså komen til 2011. Eg avsluttar med å vise Emil godt innepakka slik som det første bilete tatt for eitt år sidan. Det er mykje som har forandra seg når det gjeld Emil, men noko er ved det gamle som at det er like mykje vinter no som ifjor.

Eg har sjølvsagt mine tankar om det nye året, nokre mål og nokre ønskjer. Meir om dette får du vite om imorgon. Godt nytt år kjære vener, familie og bloggarar.