søndag 24. oktober 2010

Snø til frustrasjon og glede

Så var første snøen komt til Valestrand. Kven hadde trudd det då det enno er oktober? Eg har litt overdose frå fjoråret enno, så dette kom ikkje som ei glede. For dei som kjenner oss eller som har lest bloggen ei stund, er det ikkje ukjent at vi sleit i vinter med å kome oss opp med bil. Vi bur på toppen av ein lang og bratt bakke. Vegen er privat og vert ikkje måka anna enn på frivillig basis av ein slektning. Sola kjem ikkje til på denne tida av året og bakken vert fort glatt og isete.
På fredag kom altså snøen og vi kom ikkje opp med bil. Eg sto fast i bakken og segla baklengs ned bakken med bilen. Eg hadde heldigvis ikkje ungane med for det var like før bilen og eg segla utfor kanten og ned fire meter i dalen. Eg kom heldigvis frå det med skrekken, men dette vitnar vel berre om at vi har ein vinter i møte og vi er spente på kor mykje snø som kjem i år. Det kan vere to veker og det kan verte fire månadar, det er ingen som veit.
Malin derimot er veldig glad for snøen. Akebrettet er tatt fram og i helga har vi leika ute. Emil har fått vere litt med Malin på akebrettet når eg drog. Dei ler og kosar seg, og ramlar over ende med vilje.
Humøret til Malin stig i takt med tida ho får vere ute og leike. Ho ler og frydar seg. Det er veldig kjekt og eg får litt glede av snøen eg og.
Vi har verken firhjulstrekk eller snøfreser, men vi må sterkt vurdere det siste innan kort tid dersom det viser seg at det vert ein del snø denne vinteren også. Ein firhjulstrekk er ganske dyrt så det må vi vente litt med. I mellomtida har vi bilen parkert i botnen av bakken og så har vi Emil i meis og Malin i handa medan vi ber alle tinga i sekk på ryggen opp bakken. Det er i slike stunder ein tenker at vi bur ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Snakk om å gå tilbake i tid! Ja det er god trim, men det er fryktelig tungvindt når ein har to små born.
Det er ikkje så lett for Emil med all snøen så han må sitte i vogn og sjå på Malin som kosar seg. Litt forskjell skal det vere på liten og stor.
Malin hylar av begeistring og akar i full fart utan skruplar.
Emil er litt lei og vil ut av vogna han og.
Den vesle prinsen får eit teppe og sitte på. Han seier ingenting og sitt tolmodig og følger med storesøstra si, men etter ein halvtime må han inn fordi han er kald. Det er nok ikkje hans vinter enno, men den tid kjem og det gleder eg meg veldig til. To ungar som hyler og ler, og som kjem inn med raude kinn og våte kle. Det er ganske koselig til tross for at eg har eit anna perspektiv på vinteren enn dei...

mandag 18. oktober 2010

Hausten har inntatt kroppen

Som sagt tidlegare byrja Emil i barnehage 5.oktober. Ikkje heilt uventa tok det ikkje lange stunda før han vart forkjøla. Frå å berre ha augekatarr og rennande nase, fekk Emil falsk krupp. Han måtte vere heime frå barnehagen og var ikkje i form i det heile. Malin var heldigvis i barnehage, men ho har vore kraftig forkjøla og har hatt augekatarr ho og. I slike stunder er det godt å ha foreldre som passar på, men når mor også vert sjuk er alt berre kaos.
I motsetning til ungane som leikar når dei er forkjøla, har eg vore heilt satt ut. Ei forkjøling brukar vanlegvis å gå over etter 3-5 dagar, men den har pr idag vart i 10 dagar. Eg hadde berre vore på jobb i tre dagar til sammen før eg måtte sjukmelde meg. Så no synest eg litt synd på meg sjølv. Eg hostar, er hes, har hatt feber i ei veke og matlysta har ikkje vore tilstades. Huset er litt på halv åtte, men det får heller vere.
For å snakke om noko som er kjekt, så viser eg bilete av Emil som trillar Malin i kasse. Han har vorte stødig i beina og sterk nok til å halde balansen ei god stund. Malin synest det er kjempestas at Emil trillar ho. Eg har merka i det siste kor mykje meir dei leikar ilag sjølv om Emil for det meste øydelegg for henne. Dei likar å vere rundt kvarandre og det lovar godt for åra som kjem.
Mamma var hjå oss ein kort tur i helga. Ho reiste diverre tidleg på søndag til Malin si store sorg. Det er så gøy med mormor fordi ho leikar med Malin på Malin sine premissar. Kan ein ønskje seg meir? Dei kan vere lenge på rommet hennar utan vi andre får lov å vite kva som skjer. Her sitt dei og teiknar på baksida av ein Grandiosakartong. Greit å bruke reklame, konvoluttar o.l. til teikning. Det vert berre kasta likevel.
Emil klarer å gå relativt stødig no når vi heldt han. Han flyttar beina framover og synest det er kjempekjekt. Eg gledar meg veldig til han kan gå, det vert så mykje lettare då. Uansett, så er borna våre så utruleg skjønne. Tenk at eg er så heldig. Det er noko eg tenker på når eg synest synd på meg sjølv fordi eg er forkjøla.

søndag 10. oktober 2010

Arbeidslyst eller mani?

Espen seier han treng å ha noko "putlearbeid" innimellom alt anna, noko han slepp å tenke så mykje på. Så no er han i gang med å lage mur som markerer skilje mellom tun og hage. Ikkje skjønnar eg at han gidd, det hastar ikkje, men det vert no fint da forhåpentligvis.
Om du skulle gjere noko tankelaust, var det dette du hadde satt igang med då?
Malin hjelp sjølvsagt til med "babyhammaren" ho fekk tildelt.
Etter ein dag som hjelpearbeidar er ho både skitten og våt, og det etter fleire klesskift undervegs. Ho har i tillegg gått inn og ut av do i 1.etasje med skitne hender og møkkete støvlar. Det ser deretter ut på badet med fingermerker på doringen blant anna.
Emil stakkar er ikkje heilt frisk og er godt kledd i vogna si. Han har både augekatarr, hoste og dårleg matlyst. Det er full pupp om dagen og mor som skulle trappe ned har no trappa opp for ei lita stund.
Dette bilete er tatt for nokre dagar sidan. Emil har dilla på å trille sykkelen til Malin og lage freselydar mens han køyrer.
Han har vorte sterk i beina og klarer å føre sykkelen bortover. Eit problem einaste når han møter veggen.

onsdag 6. oktober 2010

Før og etter-furusjenk

Som så mange andre har eg forandra ein gammal og gulna furusjenk til ein sjenk som tillet seg å stå i stova. Eg kjøpte furusjenken på finn.no for 300 kroner. Eg likte storleiken og fordelinga av skapa og skuffene. 300 kroner er ikkje mykje, men med sparkel, grunning, pensel, maling og knottar vert det litt pengar likevel.

Eg gløymte å ta bilete av sjenken før eg sette igang, men dette bilete viser fargen iallefall. Den hadde ein del sår slik at eg måtte sparkle først. Deretter grunning og to strøk med ein vakker lysblå farge.
Og slik vart den. Den lyseblå fargen er akkurat slik som eg hadde tenkt meg. Fargekoda er S 0510 R90B, og glansgrada er 70. Eg veit kva eg vil ha av knottar, men har ikkje funne dei enno. Beina skal også malast. Eg har brukt vannbasert maling noko eg eigentleg ikkje likar, men sidan den ikkje luktar og eg kan male inne med den, vart det det. Eg har mala ein krakk i same farge og andre ting skal det verte. Berre vent og sjå.