mandag 27. september 2010

Glimt frå ei fantastisk flott helg

Det er herleg og sjå vèrmeldinga med stor gul sol over det meste av landet. Når det nærmar seg oktober er det sjølvsagt ikkje varmt om natta lenger og det har faktisk vore eit par netter med frost no. I helga har vi vore mykje ute og dagen har byrja med mykje klede og endt med nesten ingenting, berre sjå her.
Grave i jorda er alltid gøy. Dette er tidleg laurdag morgon med kald luft og skarp sol. Humøret er på topp.
Espen rydda boss frå tidleg morgon medan Malin laga hus og slott. I bakgrunnen kan dokke skimte bosset som har stått sidan vinter, men no er det endeleg borte.
Emil har nettopp våkna frå sin morgenlur. Mykje å følge med når ein sitt ute, men han er litt liten enno for dei lange utetimane. Inne får han gå lite med klede og frese rundt uten mykje klede som hindrar han.
Terrassen er rydda for møblar og plantene har eg satt under tak. Huset er nesten ferdigmalt (1.strøket) og vi har rydda rundt huset for boss og reiskapa er i hus. Vinteren kjem alltid brått på så det er godt med alt som er gjort.
Hua er framleis på, men varmen har komt på verandaen og det er tid for plattingdans. Malin elskar å kle seg ut. Huer, vesker, sjal osv.
Når det er dans er det på med kjolen. Emil er heilt med.
Dei kosar seg og ler saman. Vi har verkeleg merka søskenforholdet no og kor inderleg glad dei er i kvarandre.
Malin elskar å danse...
... og tulle litt. Den finaste jenta som tilfeldigvis er mi
Det har vore den årlege brannveka og i barnehagen har dei snakka om brann, brannbilar og brannmann Sam. Malin elskar brannbilen sin og den er så fin å ha ute fordi den pumpar ordentleg vatn.Søskenkjærleik.

søndag 26. september 2010

Sjokoladekake med appelsinkrem

Eg har funne ut at heimebakt smakar betre enn noko som helst snop du får på butikken. Derfor har eg laga kake denne helga istaden for at eg kjøpte potetgull og sjokolade. Det er dessutan artig å bake kake og eg kosar meg medan eg held på.
Sjokoladekake med appelsinkrem. Oppskrifta har eg funne på klikk.no som du finn her
Kaka må du bake over to dagar så det er lenge og vente. På fredag laga eg botn og blanda ingrediensane til appelsinkremen.
På laurdag laga eg ferdig kremen og pynta. Malin kunne ikkje vente med å smake på kaka, men mamma skulle absolutt ta bilete først. "Smiiil kake, smiil" sa Malin.

Kaka var utruleg god, det var vi alle einige om. Terningkast 5. Passar godt til dei store anledningane og er ei typisk voksenkake. Veldig mektig, saftig og lett å kvitte seg med iløpet av ei helg...

fredag 24. september 2010

Endeleg speil! Eller..?

Eg fortset og vise dokke det som vi har venta så lenge på. Som sagt så har vi hatt ein rørleggar på besøk og i tillegg til spegelen på badet nede, har han montert spegel oppe og dusjveggar.
Det er deilig å få dusjveggar, det er det ingen tvil om. Vi måtte legge ein handduk i vindaugskarmen for å ikkje øydelegge malinga, og vi måtte gjere oss så små og tynne som mogleg for å ikkje sprute. Så dette var stas. Varmt og godt er det også. Spegelen er 120x96 cm og viser ALT. Ja dokke kan tenke dokke sjølv. Det er noko som heiter "det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av". Ein har kanskje ikkje vondt av å trene, men det er ingen tvil om det står på prioriteringslista heretter.

onsdag 22. september 2010

Mitt vesle bademiljø

Eg har vist utallige bileter av huset medan vi bygde det og ting ikkje var ferdig, men eg har vore treig med å få tatt bileter av sluttresultatet. Noko av grunnen er at vi ikkje har gjort ting ferdig. Det er lett for at det som ikkje hastar vert utsett når det er så mykje som må gjerast på ein gong. Idag skal eg vise dokke badet vi har nede. Eit lite bad med akkurat plass til det heilt nødvendige.
Spegelen har stått på badegolvet i eit halvt år og i forrige veke vart det montert. Vi har venta på ein rørleggar i lang tid som skulle gjere jobben. Vi måtte før i år opne veggen på vaskerommet fordi det lukta kloakk på dette badet. Mot at vi tapetserte sjølv når veggen var lukka, fekk vi ein rørleggar til å gjere blant anna montering av spegelen her. Kan med det samme seie at kloakklukta kom av at vannlåsen i sluken på badet ikkje var reingjort skikkeleg. Det var sølt membran rundt gummiringen som gjorde at det ikkje var tett når vi trakk i do.
Dusjforhenget er frå Jysk og vart hengt opp i sommar. Det vert med ein gong litt kjekkare å dusje når ein kan lukke dusjen og varmen heng i etter at vatnet er skrudd av.
Baderomsmøbelet er kjøpt hjå Maxbo og er veldig smalt for at det skulle passe. Eg leita lenge etter ein vask som passa inn her. Spegelen er frå Ikea og lampen som har stikkontakt er kjøpt hjå Lyshuset i Åsane. Persienna vart hengt opp i sommar etter lang tid med fundering på korleis det skulle gjerast (kjøpt på Jysk). Verken eg eller Espen forsto brukarrettleiinga, men heldigvis hadde vi bestefaren til Espen som løyste problemet. Det er veldig flott med eit stort vindauge på dette badet. Her kan vi sitte på do og sjå på skogen og fjellet. Vi har ingen naboar, men vi måtte ha ei persienne likevel. Ikkje alle gjestane var like komfortable...

tirsdag 21. september 2010

Trur eg likar hausten

Det er litt kaos i hovudet mitt for tida. No er det 10 dagar til eg byrjar i arbeid og eg prøvar å gjere så mykje eg kan i huset fram til då. Då eg flytta inn i huset i slutten av februar trudde eg at vi skulle få alt klart til påske og så skulle eg nyte resten av permisjonen. Kor naivt og optimistisk tenkt... Sjølv om eg har litt motstand for å jobbe igjen akkurat no, er det likevel godt å tenke på at det ikkje lenger er sommar når eg ikkje skal vere husmor meir. Når døgnet har færre lyse timar og temperaturen synk for kvar veke som går, så vert det også mindre å gjere ute.
Eg er ikkje av den typen som brukar kveldane mine på å sitje under eit teppe med ein kopp te og ei god bok. Derimot ryddar eg boda mi for fjerde gong og omorganiserer rotet mitt. Og det er dette som plagar meg litt. At ikkje ryddinga og organiseringa mi skal ta ein ende. Det handlar om litt fleire hyller og skap, det handlar om eit titals 50 liters plastkasser frå Europris, og det handlar om motivasjon til å fullføre noko (og pengar sjølvsagt). Det surrar og spinn i hovudet mitt. Eg har utallige lister med gjeremål og draumar og stressar meg sjølv med heilt uviktige ting sett i eit større perspektiv. Er det fleire som er like håplause som meg?
Det fins likevel lyspunkt i kvardagen. Denne vesle karen er som vanlig heilt skjønn. Han har vorte sterk i beina og går langs med bordet utan å ramle. Han krabbar som ein vind og han er nyskjerrig på alt. Dette bilete demonstrer den nyskjerrige peikefingeren.
I tillegg til peikefingeren tek han ein god jafs på alt. Han har framleis berre to tenner og kanskje det er like bra...
.
Vi hadde ein nydeleg hausttur ilag med Maren og Marie idag. Hausten er så vakker no. Eg skal forsøke å komme meg ut av boda litt oftare og ta meg ein trilletur når vèret er så fint som no. Det vert nok av stygge dagar til organisere rot på då hausten reiser så raskt ifrå oss.

mandag 13. september 2010

Fullt opp og eit lite hjartesukk

Gro Nylander er ei klok dame sjølv om eg ikkje er samd i alt ho seier. Likevel kan eg ikkje vere anna enn einig når ho seier at det er så travelt å ha born som er 9-18 mnd gamle at dei har nødd å vere superskjønne for å halde ut.
Emil som no er 9,5 mnd gammal er ein aktiv krabat som held mor si i gang heile tida. Han røyser seg, står og stabbar litt rundt bordet og ned igjen. HEILE DAGEN! Akkurat no har han knapt behov for ei einaste leike for han skal berre røyse seg og stå. Han har verkeleg funne ut ein ny måte å utforske verda på.
Og visst er det kjekt. Han smiler og ler, røyser seg og dett og har anlagt ein del blåmerke på hovudet. Og den vesle peikefingeren undersøker alt av smått og stort.
Det betyr likevel at det ikkje er så mykje tid til anna. Vi flikkar litt med maling av huset slik at alle kvadratcentimeter skal vere dekka til hausten og vinteren. Eg ryddar i kasser, omorganiserer, flyttar eiendelar ut og inn av huset alt etter kva som brukast her og no, støvsuger tre gongar om dagen, ryddar kjøkkenbenk og vaskar klede. Men alt dette er no ikkje spennande å snakke om, ikkje ein gong for meg sjølv. Derfor er det lite blogging no sjølv om eg gjerne har lyst.
.
Blogging er på ein måte ein deltidsjobb. Her forteljer eg siste nytt om mine små slik at familie og vener skal få lese. Eg skriv og vis bileter av hus og hage for å vise framgangen, dele tips og frustrasjon for dei som er i same situasjon. Bloggen er også fin som dokumentasjon og tilbakeblikk. Eg deler mine interesser og sysslar. Og nettopp det sistnevnte er noko eg ønskjer å skrive meir om.
.
Eg har knapt tatt i strikkepinnane det siste året, symaskina står på stovegolvet utan at det skjer noko, Kenwooden står i skapet og mine oppussingsprosjekt vert ikkje ferdig. Loppemarkeda har eg heller ikkje tid å besøke og eg skulle så gjerne ha gått meir på besøk. Og dette er heilt normalt, men eg taklar det ikkje! Eg klarer ikkje å akseptere at slik er det å vere småbarnsmor. Eg vil gjere alt på ein gong og endar opp med å stresse med sjølv. Sukk... Det var dagens. Kunne sikkert skrive ei bok om dette temaet.
.
Avsluttar før innlegget vert for langt. Det er så travelt å lese lange innlegg. Ønskjer alle ein fin dag.

lørdag 4. september 2010

Eit lite livsteikn

Det har vore stille frå meg ei lita stund no. Dagen etter at Malin fylte tre år døydde oldefaren hennar. Han er bestefaren til Espen, vår nabo og han var ein sprek gammal mann inntil det siste. Han har vore mykje ilag med oss dei siste par åra og vi kjem til å sakne han mykje.
Dagane må likevel gå vidare og eg har nok å henge fingrane i. Emil røyser seg sjølv no og han har byrja så smått å krabbe. Han er ein aktiv krabat med "makk i raua", vanskeleg for å sovne om kvelden og er meir avhengig av puppen enn kva ein ni månadar gammal unge burde vere. Likevel, han er så skjønn og sjarmerande. Det er så lett å vere glad i denne vesle karen. Med sine to små tenner og det deiligaste smil held han koken dagen lang.
Litt vemodig er det, men samstundes litt greit at han skal byrje i barnehage om ein månad. Eg skulle ønske han fikk vere heime til han vart eit år, men vi måtte løyse det slik at pappapermisjonen vert fordelt slik at Espen vert heime kvar mandag med han. Det kan no vere godt at berre dei to er ilag og eg likar tanken på at Emil får ein fridag kvar veke i eit heilt år.
Då Emil skal byrje i barnehage skal eg sjølvsagt tilbake til jobb, men det er ei anna historie. I mellomtida skal eg forsøke å få gjort ferdig ein del prosjekt. Og sjølvsagt skal eg blogge om det.