onsdag 28. juli 2010

IKEA-marerittet som endte godt

For ein månad sidan var endeleg dagen komen for at vi skulle få bokhyller rundt tv'en. Onkelen til Espen hadde lånt stor bil på jobben og vi handla inn Liatorphyller og overhylle som skulle passe til tv-benken vi kjøpte i haust. På IKEA var det stappfullt med folk den dagen. Det var regn ute og varmt inne og folk sveitta, var klamme og utolmodige. Eg hadde ein unge på handa medan eg handla og heldigvis hadde eg bror min med som kunne hjelpe meg. Sjølvsagt måtte nokre av varene hentast på Nyborg kor IKEA sitt lager ligg, men vi kom oss heim og vi var klar til montering.
Det hadde vore ganske nakent rundt tv'en sidan vi flytta inn, så motivasjonen til å montere hyller var tilstades. Vi hadde framleis bøkene på lager og vi gledde oss til å ta dei fram. Når første hylla var montert synest eg den virka så stor. Det kunne umogleg passe med ei slik hylle på kvar side av tv-benken. Eg hadde sjølvsagt målt opp før og planlagt lenge dette kjøpet, men eg målte likevel. Og ganske riktig; det passa ikkje. Vi tenkte ut alle moglege løysingar på korleis vi skulle få kutta ned på centimeterane, men det var likevel ikkje nok. Det var ingen veg utanom, vi måtte bytte. Så vi bestemte oss for at tv-benken og den allereie monterte bokhylla skulle stå på tv-stova oppe.
Så var det å tenke nytt. Tilbake på IKEA for å kjøpe Hemnes tv-benk og overhylle, samt Billy-bokhyller på kvar side fordi dei er litt smalare enn dei andre seriane. Denne gongen hadde eg med meg svigermor som satt veldig trangt i framsetet med sine lange bein i ei merkeleg stilling. Eg hadde sjølvsagt gløymt kvitteringa slik at eg fekk tilgodelapp, men å bruke pengar på IKEA er aldri vanskeleg så det var ikkje noko problem. Heim kom vi iallefall, men før vi byrja og montere kom mitt treige, men kloke hovud på at eg ikkje hadde tenkt på at dybda på Billy og Hemnes ikkje var lik! Ahhhh!!!! Eg hadde vore så opptatt av breidden at eg hadde gløymt at det var noko som heitte dybde. Nei og nei, eg måtte tilbake igjen! Men no måtte eg ha ei IKEA-pause så pakkane har lagt i stova ei stund i påventa av IKEA-lyst igjen. Malin har brukt eskene til å sove på og Emil hadde rukke og gulpa på eskene før vi fekk dei tilbake.
Vi beholdt Hemnes overhylla og vi skulle kjøpe tv-benken som endeleg hadde kome på lager igjen (sjølvsagt på Nyborg). Denne gongen skulle vi kjøpe Hemnes-hyller også, men i ulik størrelse for at det skulle passe. Det var Espen sin tur å vere med meg på IKEA denne gongen og han var ikkje nøgd med at vi måtte velje Hemnes. Liatorp var fleire klasser over dette meinte han og det var dumt å måtte synke så lavt som Hemnes. Eg var dritlei heile IKEA og stemninga var ikkje god, men vi fekk hyllene og benken heim, monterte det og jammen vart det ikkje fint og. Bøkene kom endeleg fram frå kjellarmørket og opp i hyllene. Eg har sjølvsagt kategorisert og alfabetisert desse bøkene og no er alle nøgde med resultatet. Nokre bøker er også oppe i loftstova. Eg kjenner hatet mot IKEA snart har forsvunne og eg har allereie byrja å planlegge neste tur...

lørdag 24. juli 2010

Telt i hagen

Eg kan ikkje skryte på meg at eg er noko teltmenneske. Sist gong eg overnatta i eit telt var på Roskildefestivalen i 2001. Ikkje at eg har noko imot teltsoving, det har berre ikkje vorte slik. Til bursdagen i år fekk Espen telt av meg i håp om at friluftsinteressene vakna til liv igjen etter nokre år i dvale. Teltet er av det rimelege slaget, men det betyr ingenting når det skal slåast opp i hagen.
Til opplysning er det eit telt frå Jysk til 500 kroner. Så då er teltdraumen mogleg å oppfylle for dei fleste.
Malin har allereie lagt beslag på teltet så for oss andre er det "på besøk" når vi stig inn.
Skjønne Emil kosar seg og. Trur han likar presenningen i botnen. Fin lyd.
Titt titt.
Soveposen må også testast ut og der søv dokka. Malin insisterte på at dokka måtte få kome på biletet. Smiiil!!!!
Når ein knipsar omlag 50 bileter om dagen er det vanskeleg å avgjerde kva som skal på bloggen. Eg har så skjønne born må du vite :-)
Glidelås er utmerka til å gnage på.
Teltet er ikkje så lite at ein ikkje kan danse. Etterkvart er vel planen at Espen skal ta Malin med ut og overnatte. I hagen altså. Det gjorde vi når vi var små og det var veldig kjekt!

onsdag 21. juli 2010

Når sola er borte, dansar regnet på bordet (?!)

Av og til vert eg så lei av å finne på passande overskrift, men mitt innlegg idag handlar om kva ein kan finne på når det høljeregnar ute og borna har ferie frå barnehagen. Det har seg slik at vi skulle male huset og ordne hagen i ferien og vi har derfor ikkje bestilt/planlagt ferietur. Sola let vente på seg, derfor må ein leggje hovudet i bløyt og tenke ut noko som ein kan finne på når ein har mange born samstundes aleine.
Kose er alltid ein slager. Dette er iallefall eit forsøk på det. Emil knip seg fast der han får tak. Eg har på meg mitt vante husmorkostyme. Gamle utslitne klede og usminka ansikt. Kanskje dette kan gi dokke andre eit løft?
Ta bilete. Malin sitt på bordet og ropar "Smiiil, pappa, smiiil!" På bilete kan dokke skimte jordbær i skåla. Jordbær alltid godt, uansett vèr!
Lag tog, buss eller anna som liknar. Eg vart litt imponert over Malin som flytta desse stolane aleine og plasserte dei så "vakkert" ved sida av kvarandre. Vi har sjølvsagt nokre IKEA-esker også som gjer stova til det komplette kaos. Dette er ikkje noko bilete for ein kresen interiørblogglesar.
Lage hytte av tepper og stolar. Emil likte veldig godt og åle seg rundt mellom stolbeina. Nesten som eit spøkelseshus; ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving.
Leik med ballongar! Utruleg kor mykje underhaldning borna kan ha av ein ballong. Her var vi på besøk idag.

Ellers kan ein bake bollar, male, teikne, hoppe tau, klippe og lime papir, sjå barne-tv (velbrukt, men det virkar), pusle, lese bok, bade i badekaret, kle seg ut, synge, bygge lego og leike med leikane borna har.

Ja det er uante moglegheiter når ein må halde seg innandørs. Kva skal ein med sola eigentleg?

lørdag 17. juli 2010

Nyttehagen min med ei lita overrasking

Å dyrke sine eigne grønnsaker, hauste sine eigne bær og frukt har vore ein draum eg har hatt lenge. Derfor har eg byrja å utforme nyttehagen allereie i år slik at eg fortast mogleg får nok avling til å sylte, safte, hermetisere, tørke og anna når den tid kjem. Eg har ikkje tid til å dille så alt for mykje. Derfor konsentrerer eg meg om å plante fleirårige planter og busker. Bileta tok eg kvelden før eg reiste til Volda.
Eg har skrive under kvar plante kva det er, men det kan vere vanskeleg og lese. Øverst frå venstre: Løpstikke, lavendel, sitronmelisse, oregano, peppermynte, eplemynte og graslauk. I tillegg har eg kryptimian i eit bed lenger oppe til venstre.
Eg har planta bærbusker på kvar side av det som eg har planlagt skal vere ein gangsti imellom. Stien skal vere av gras og brei nok til å kunne klippast av ein plenklippar som ein køyrer. På venstre side av stien er det tre ripsbusker, solbær og stikkelsbær. Idag har det i tillegg vorte planta ein rabarbra nederst i skråninga. På høgresida er det tre bringebærbusker. Dei to epletrea eg planta i vår ser dokke bakerst i bilete.
Her er området som eg kallar kjøkkenhage.På flata nederst har eg planer om å lage grønnsaksbedd med tid og stunder. Legg merke til bjørka heilt til venstre i bilete.
Natta etter at bileta vart tekne låg bjørka rotvelta. Eg kan ikkje erindre sterk vind, men den har ikkje hatt mykje jord under seg. Idag har vi sagd den ned, rydda og det står berre stubbane igjen. Det er rart med det. Eg hadde planar om å ha benk rundt treet kor eg kunne ete friske bær, men naturen ville det annleis.

tirsdag 13. juli 2010

Smoothiekos

Eg har fått dilla på smoothies og har i fleire veker laga ulike sortar med same grunnoppskrift. Eg tenkte eg skulle dele den med dokke slik at fleire kan få like stor glede av det som oss. Smoothie er perfekt til den som ønskjer å slutte med godteri om kvelden. Ein smoothie gjer ein mett og sunn.
.
Basisoppskrift pr person: 1/2 banan, 100 gram frosne bær/frukt, 1 dl fruktjuice og 1 dl youghurt. Eg brukar å ha same sort bær i alle ingrediensane, som til dømes skogsbærsmoothie kor eg brukar frosne skogsbær, skogsbærjuice og skogsbæryoughurt.
Bringebærsmoothie gjer ein glad. Malin elskar smoothie med sugerør eller "sugebor" som ho kallar det. Bringebærsmoothien er ein av mine favorittar. Eg brukar bringebær, juice med bringebær i og bringebær Biola.
Her leikar vi kafé. Tropisk smoothie er også godt. Då brukar du smoothieblanding frå frysedisken som innheld banan, mango og ananas. Så tek du ananasjuice og melonyoughurt i tillegg til banan som er fast ingrediens i alle oppskrifter.
Og så litt bileter til pappa som er heime utan oss. Emil har vorte eit fantom på golvet og ting i golvhøgde står ikkje lenger trygt. Han er rask på labben så vi må passe på. Her er det leidningar, stikkontakter, stereoanlegg, planter og gyngestolar som truar freden i heimen.
Malin har vore til frisør idag og fått farge i håret. Det var stor stas. På dette bilete har mormor leita fram keyboardet frå "gamle dagar".

mandag 12. juli 2010

Ostekake med jordbær og geletopp

Å lage kake når eg er heime med mamma er nesten obligatorisk. Denne gongen ville eg lage ostekake med jordbær og gele etter å ha vore på IKEA og ete nettopp dette. Det finnast nok mange måtar å gjere denne kaka på, men eg fann oppskrifta på klikk.no. Mamma ga den tre stjerner og synest det var den beste ostekaka ho hadde smakt. Ikkje verst det. Eg synest også ho var veldig god, ja ein av dei betre, og eg likte godt at ho vart så høg.
Skikkeleg mektig kake dette har, eg er stinn i magen etter to stykke. Så om du lagar denne kaka bør du invitere fleire til å ete den ilag med deg dersom den skal verte ete opp.

søndag 11. juli 2010

Eit glimt av sommaren

Medan Espen jobbar har eg og borna tatt turen til Volda. Det er alltid like deilig å kome heim til ho mor. Vèret har vore varmt idag, men sola har ikkje kome fram frå skyene. Likevel vil eg seie det har vore sommardag idag og når ein står opp kl 06 er det mykje ein får gjort på ein dag. Det som ikkje går fram av bileta av kva som vi har gjort idag er museum og kakebaking.
Klokka 09 idagtidleg var vi i to barnehagar i nærleiken. Disse/huske/reie er alltid populært. Det samme er rutsjebane/sklie. Malin får full merksemd av mormor og ho frydar seg og ler.
Dei fleste barnehagar har ein båt og denne var ikkje noko unntak. Malin engasjerte seg bak rattet...
...medan mormor var passasjer.
Emil er ein liten luring. Mykje som skjer når ein snur seg vekk.
Og Malin legg seg som vanleg under teppet ilag med dokka. Dette er på verandaen til mormor.
Det har vore veldig varmt idag, 28 grader på det meste, og då måtte vi prøve badetemperaturane. Iskaldt! Det stoppar likevel ikkje Malin. Raud på beina av frost sto ho i vatnet i ein halvtime. Bøtta og spada på plass. Tilslutt måtte vi berre ta ho ut av vatnet for at ho ikkje skal verte sjuk.
Emil koste seg på teppet. Han likte ikkje det kalde vatnet og ville fort vekk derifrå.
.
Når vi skulle reise heim skjedde det som brukar å skje på feriar; bilen streikar. Eg fekk ikkje bilen i reverse og måtte ringe NAF. Dessverre reiste pappa på ferie idag, men heldigvis har eg ein onkel som også er bilmekanikar. Eg håpar ikkje bilen er alvorleg sjuk sjølv om han har sine kroniske plager. Imellomtida får vi bruke beina. Det er uansett godt å vere heime i Volda, det er det ingen tvil om!

mandag 5. juli 2010

Sommaren slik den eigentleg er

Dokke kan få sjå det først som sist. Slik er sommaren vår, iallefall store delar av den. Vind, regn og 13 grader. Bileta er tatt akkurat no 5.jul kl 09.30, heilt uredigert altså.
Eli-Kari sa på tv no at det ventast ein våt juli i Nord-Norge og på Vestlandet. Og at lavtrykka kom som perler på ei snor. Takk for den!
Og på Austlandet og Sørlandet skulle det verte ganske bra. Typisk altså, eg kan ikkje la vere og irritere meg.

Godt sovehjarte

Vi har fleire flatpakka hyller liggandes i stova akkurat no. Malin likar godt å gå, hoppe og springe på dei. Litt ut på ettermiddagen igår var Malin trøytt og medan vi andre mala utvendes, fant ho ut at ho og dokka skulle sove. Så ho fant seg til rette på desse eskene og sov sin djupaste søvn.
Nokon som kjenner seg litt stiv i ryggen når ein ser på dette bilete?

søndag 4. juli 2010

Malesøndag

Det er tredje dagen eg skriv om maling av huset vårt. Det er vel for dei fleste ikkje så interessant, men eg likar å nytte bloggen som dagbok som syner framgangen vår. Vi fortsatte og male der vi slapp og no er to av sidene ferdig grunna og malt eitt strøk. Det er kun listene som gjenstår samt der som grunninga ikkje har tørka.
Ein av diskusjonane vi har er kva som er best av rulle og pensel. Vi er einige om å vere ueinige. Eg likar å påføre maling med rulle og pensle i rillene og i krinkelkrokar. Dei andre heller vel meir mot pensel overalt. Årsaka til at eg likar rulle er at det går mykje fortare og det vert finare.
Vi har tatt to strøk på rekkverket og nederste del av veggen ved inngangspartiet. Blomane i kassa kom verkeleg til sin rett no. Vi skal også olje terrassaborda, men det vert ikkje før på seinsommaren.
Vi prøvar å finne ut kva farge vi skal ha på listene. No har vi blanda litt kvitt i den fargen som vi kjøpte ein liter av. Den vart litt for lyseblå og vi har vel hella meir mot grått no. Legg merke til vår etterlengta persienne. Kan du tenke deg fire månadar utan gardiner rett ved inngangsdøra når du går på do? Godt vi ikkje har naboar...
Vèret melder så ymse, men vi håpar på godt malevèr i morgon også. Eg har lyst at vi skal verte heilt ferdig med begge veggane før vi eventuelt tek ei pause.
Litt lettare å male kortsidene. Langsidene har så mange brytningar, utstikkarar osv som gjer jobben veldig omfattande. Einaste aberet på kortsidene er at det er så høgt.
Slik ser det no ut for øyeblikket. Vi lurer på kva av listene vi skal male grått. Vindauga er grei, men kva med vindskeiene (?) og anna?

lørdag 3. juli 2010

Maledugnad

Vi fortsatte idag der vi slapp igår. Véret har vore varmt og upåklageleg. Fleire naboar troppa opp heilt utan førespurnad og saman fekk vi gjort ein del. VM og Tour de France vert diverre prioritert framfor malinga så det vert ikkje mala jamt og trutt heile dagen. Hadde det vore opp til meg hadde det vore slaveliknande tilstandar her, så det er kanskje like greitt at eg ikkje har noko eg skulle ha sagt når det gjeld pauser...
Malin har vore veggkunstnar og farmor har mala og vore husmorvikar.
Malin van Gogh
Å stå i stige og male opp ned krever sin mann. Det vert mykje søl.
Naboane Jostein og Rune. Som løn vanka det heimelaga pizza og jordbær med is.
Oldefar har montert persienna på badet nede idag, endeleg! Ingen har skjønna rettleiinga så eg satte han på saka. Jammen tok han ikkje malarkosten og. Malin og oldefar i maleharmoni.
Slik ser baksida ut idag. Ser du på innlegget frå igår så ser du skilnaden.
Jostein og Rune mala sjølvsagt denne veggen som er mot naboane. Det er meldt regn frå imorgonkveld så det vert full innsats frå morgonen av imorgon også.

fredag 2. juli 2010

Vi malar hus

Endeleg kom det litt finevér til oss. Vi vaska baksida av huset for to dagar sidan og idag var veggen tørr og klar til å male. Det var utruleg varmt ute, men det skya "heldigvis" litt etterkvart. Dessverre vart skyene til regn i ettermiddag, men det snakkar vi ikkje om no...
Espen hadde litt grunning igjen. Å gå på taket er inga enkel sak.
Det vart ikkje så mykje malt som eg hadde ønska. Hadde håpt heile veggen skulle vere malt, men vi avbraut dagen litt tidleg fordi vi hadde ein del ærend (les IKEA). Det vert veldig bra med kvitt trur vi, det er iallefall betre enn grunna panel. Fargen er den nokså vanlege Eggehvit.
Vi er ute etter Dueblå på listene, men har ikkje funne fargekoda. Denne fargen heiter Romantikk, men er alt for mørk. Så vi får leite vidare.