torsdag 29. april 2010

Malerarbeid på morgenkvisten

Velkommen inn i mi nymåla bod. Før kl 09 idag hadde eg mala veggane ferdig med eit strøk Sjel. Sjel er for dei som har fulgt med ein farge vi har nytta på to soverom og vaskerommet. Taket og listene er berre grunna. Eg kjøper ikkje inn panelmaling berre for dette vesle rommet. Om eitt år skal eg male resten av taka på loftet så då tar eg dette rommet med det samme.
No har eg berre stappa ting inn, men planen er å sette opp hobbyhyller slik at eg kan stable til taket. Kan forresten anbefale oppbevaringskasser i plast frå Europris. Kr 99,- for ei stor kasse med hjul. Lokket er slik at du kan sette hjula nedi eit spor dersom du stablar. Genialt.

tirsdag 27. april 2010

Malerullen er framme og inngangspartiet er nesten ferdig

I heile ettermiddag og kveld har Espen holdt på utanfor og gjort det riktig så fint. Ein dag til har vi nok trapp også. Det vart plutseleg så enkelt å gå ut av døra og eg slapp å vagle på ein palle.
Det manglar rekkverk som dokke ser og eit trappetrinn mellom stolpane.
Espen klarte ikkje å legge hammaren frå seg og starta på rekkverket heilt på slutten. Håper på nokre blomsterkasser på denne sida også. Måtte vi berre verte heilt sikre på at frosten ikkje kjem meir først.
Og slik ser loftstova vår ut. Når vi hadde barnedåp hadde vi alt av rot inni boda, men det kom aldri ut igjen før idag. Eg kjenner stort trang til å rydde opp i alt og lage system slik at vi finn ting igjen på ein lett måte.
Boda før maling.
Eg har grunna eit strøk i kveld. Må kjøpe ein pensel og ta fatt på resten. Tenkte og ta panelet også med det samme. Vi ventar med resten av loftet til neste vår, men i boda er det ikkje så nøye. Når eg først har fått hyller og alle tinga inn, kjem det ikkje ut att med det første...

mandag 26. april 2010

Kosevennen vår

Emil har vorte fem månadar og har to oppgåver her i livet. Den eine er å rulle rundt og den andre er å gnage/sutte på alt han får tak i. Han er til å ete opp. Mjuke kinn og eit fantastisk smil.
Emil er utruleg snill og roleg. Det er ikkje vanskeleg å ha med han og gjere. Og det er bra når det elles støyar rundt.
Vi var på helsestasjonen på 5 mnd-kontroll. 6600 gram og 63 cm. Det går framover altså.

Elles så bloggar eg lite. Vi har enno ikkje fått internett i huset av diverse årsaker som er nevnt før. Det mobile breibandet har eg tilgang til berre om kveldane. Det skjer mykje rundt oss heile tida, men bileter av jord og stein er vel ikkje så interessant. Heller ikkje husarbeid og klesvask. Eg får ikkje tid til å vere så mykje kreativ for tida, men når søvnen kjem tilbake vert det vel meir av det. Espen bygg forresten inngangsparti no. Sjølvsagt skal eg vise dokke det når han er ferdig :-)

søndag 18. april 2010

Hagen og grøfter er ferdig opparbeidd

Eg hadde tenkt å kome med litt spenstigare bileter enn desse, men det har nettopp snødd og hagen er blaut og lite tiltrekkande for støvlane mine. Derfor kjem det tre relativt keisame bileter av vår nye hage.
Torsdag og fredag fekk hagen nytt dekke. Det vart lagt jord der det er planlagt og vere plen. I skråningane kjem det planter. I tilegg har det vorte grøfta og lagt rør lenger ned i vegen slik at vatnet ikkje skyller vekk grusen.
Snøen tek visst aldri slutt, men når det ein gong skjer er det meininga at vi skal rake stein og legge eit tynt lag med jord utan stein og røtter. Deretter sår vi i plenfrø.
Eg gleder meg enormt til å få plen utanfor. No er det ikkje mogleg å gå nokon stad. Eg har ein draum om å ha ein ganske så fargerik hage, men i år konsentrerar vi oss om plenen, terrassar og maling av hus.

torsdag 15. april 2010

Hagen tek form

Idag kom entrepenøren tilbake og skal fullføre jobben. Gravemaskina var på plass og no var det tid for å grave igjen grøfter og planere. Det har til no ikkje vore mogleg å gjort noko grunna tele og enda var det snø inni steinmassene, men idag byrja hagen og ta form.
Kvifor slite seg ut med motorsag og greinsaks når ei gravemaskin gjer samme jobben på to sekund? Fantastisk. Det er masse hassel i hagen, dei er no vekke. Bjørkene har vi latt stå.
Masse jord har vorte tilkøyrt idag. Ikkje særlig fin jord. Masse store steinar og røter. Ein stor rakejobb ventar oss.
Her har han gravd igjen grøftene kor kloakk og straum ligg.
Og her er området ferdig planert. Fint ikkje sant? Eg har snart bursdag. Tenkte eg skulle ønske meg eit tre i gåve som eg kunne plante rundt styringshuset til Biovacen. Den er ikkje særleg vakker.
Planeringa fortsetter imorgon. Håpar sjølvsagt at vi kan ta til med raking i helga og at eg sitt igjen med ei god kjensle. Kjenner eg har fått nok av uflaks no.

tirsdag 13. april 2010

Sol, is og veranda

Idag var det så varmt at Malin kunne gå i gensar og utan hue, og Espen gjekk berre i t-skjorte. På verandaen vert det ganske varmt og då kjem lysta på is med ein gong. Det verkar som det er slik for dei fleste. Malin og Espen kjøpte årets første uteis og ein del av isen havna i fjeset til Malin.
Malin stilte opp villeg for fotografen når eg sa ho måtte vise at ho hadde ete is.
Ho er eit lite troll med mange rare påfunn.
Ho har ikkje gitt seg med tanken om å ake og drog med seg akebrettet nedover bakken. Så satt ho seg på akebrettet klar for å ake, men når ho ikkje kom nokon veg høyrde vi henne: "Hjeeelp!"
Seinare ville ho laga snømann. Kva er det med henne?! Er ho ikkje lei av snø? Ho kosar seg i vårvèret så eg håpar ho gløymer vinteren ganske fort.
Verandaen er nesten ferdig, berre lista oppå som manglar. Seinare kjem det terrassse nedanfor. Eg ser for meg kasser med blomar på kvar side av opninga, trur ikkje du det vert fint? Malin fekk seg nye joggesko igår. Her viser ho dei stolt fram slik at mormor skulle få sjå :-)

søndag 11. april 2010

Deilig med søndag

Det har vore ein travel, men kjempefin søndag. Eg starta dagen med å lage kjøttkaker og rydde huset. Ikkje verst berre det for det var ganske mykje og ta tak i... Så fekk vi besøk av Trude, Per, Eirik og Julie. Alt for lenge sidan sist og timane gjekk så alt for fort. Herleg vèr og godt selskap gjer søndagen til ein flott dag.
Ungane fant tonen fort og dei trolla rundt huset og fann på alt muleg rart. Malin tok dei med på tur til ukjende naboar fordi dei skulle disse. Så har dei tatt fram akebrettet og sprunge nedover bakkane, kanskje for å finne snøen? Ikkje veit eg kva som foregår opp i hovudet deira, men snøen klarer eg meg fint uten..
Espen skulle sette på rekkverket idag, men fant ut at han mangla spiker i rett storleik. Så slik ser det ut hjå oss no.
Så deilig å setje seg på terrassen når vèret er som dette!

lørdag 10. april 2010

Terrassebygging i vårsola

Det har vore frost i natt og idag tidleg viste gradestokken -2 grader. Likevel, ved 0,2 grader var Espen ute og hadde byrja med bygginga som han starta på igår ettermiddag. Rim og frost forsvann etterkvart og dagen har utarta seg til å verte strålandes og varm.
Malin fann fram meterstokken og blyanten sin og skulle hjelpe pappa. Ho vert fort lei og går litt ut og inn av huset, vil vere litt med mamma og litt med pappa. Det var kaldt i morgontimane så vi kledde godt på ho, men etterkvart som timane gjekk vart det mindre og mindre klede.
Emil har vorte tyngre å bere og då er det kjekt med ein stol å sette han i. Desse små skal no ikkje ha sol på seg, så eg satte han under en paraply. Han er no så snill og seier ikkje så mykje, men det verkar som han likte å vere ute i frisk luft. Han søv mykje betre iallefall når han ligg ute i vogna si.
Malin er ei rampejente. Ho er midt i trassalderen og har mista øyrene sine ein ukjent stad. Det er til tider ei tolmodsprøve å vere med ho, men vi har heldigvis mest med kjekke stunder. Ho likar å vere ute, men det er litt vanskeleg å gå på store steinar og i mold. På dette biletet hadde vi akkurat sunge ein sang. Ho elskar å synge og synging hjelp mot alt.
Nokon elskar sola, andre stenger den ute. Ho kunne sjølvsagt ikkje la vere å ta paraplyen når Emil hadde den. Ho har god fantasi og finn på mykje rart. Lever litt i sin eigen verden av og til. Då er det veldig artig og vere hemmeleg tilskodar.
Stian og Steffen kom og hjalp Espen på slutten. Då gjekk det fort og heile terrassegolvet er lagt. Imorgon er planen å få opp rekkverk. Eg har forresten rydda litt skog idag, men det kan eg snakke meir om imorgon. Det har vore ein flott vårdag, det er sikkert!

fredag 9. april 2010

Våren er komen, men problema tek ikkje slutt

No livnar det verkeleg i lundar her oppe på Dansebakken. Vi er omringa av fuglar som syng sin finaste song oppi trea. Det er verkeleg herleg å bu landleg og faktisk lukte og sjå at våren er komen. Når vi budde i byen var ikkje dette noko sjølvsagt. Det skjer mykje hjå oss om dagen, men vi er framleis utan internett slik at blogginga kjem ikkje så ofte som eg skulle ønskje.
Espen har fått seg ny motorsag og har tatt trea framfor huset. No kan vi sjå fjorden og ferja veldig godt når blada kjem på trea. Han held også på å ta tre og busker der vår framtidige plen/hage skal vere. Vi let bjørkene stå igjen for dei er så vakre. Vi rakar stein til den store gullmedalje. Det er ikkje lite som må rakast. Førebels tek vi området som kun er slåttemark slik at det ikkje skal kome stein i slåmaskina. Vi ventar meir jord i sjølve hagen.
Espen kjøpte materiale idag og er igang med terrasse framfor huset. Terrassa skal ha to høgder og førebels er det berre øverste trinnet som byggast. Den er 4 m x 1.8 m (mellom stolpane). Den nederste delen ventar vi med til all jord er tilkøyrd og gravearbeidet er ferdig.
Sjølv om våren er komen og humøret stig automatisk, vert vi ikkje kvitt desse spøkelsa som dukkar opp. Idag kom telemontøren og skulle koble internett, men måtte reise utan å fullføre arbeidet fordi elektrikar har gjort ein amatørmessig jobb. Elektrikaren var her på tysdag og trakk telekabelen, men dei har ikkje lagt trekkerøret gjennom huset og gjorde ei lettvint løysing med å feste leidninga på husveggen.
Dei to telemontørane berre lo av heile greia og hadde ikkje sett maken til makkverk. Å leggje lista slik som han har gjort under inngangsdøra skapar problem for snekkarane når dei skal liste.
Vi klagde i sommar på at dei hadde lagt trekkerøra på feil side av huset og dei kom og retta opp feilen. Likevel har dei ikkje klart og legge røra inni huset sjølv om der låg anleggsrør til formålet. Så no tok dei ein spansk ein og trakk leidninga opp til huset frå stolpen, langs veggen og inn den veggen dei første gong hadde lagt trekkerøret. Ved å gjere det slik så står det grå røret som leidninga ligg i opent, og det er lett for at det kan kome vatn nedi. Eit anna problem er at det lett kan verte skade på denne leidninga. Kabelen er fiberoptisk og det er derfor lett for at det vert øydelagt dersom nokon kjem borti dei mikroskopiske trådane. Telenor vil ikkje ta ansvar for dette og ba oss om å rette opp feilen. Det må gravast ei grøft langs veggen og legge leidninga i trekkerør heile vegen. Så no skal det reklamerast. Ingenting går knirkefritt her i gården. I tilegg fekk vi ei uventa stor tilleggsrekning frå same elektrikar. Omlag 20.000 kroner meir enn avtalt. Festlig...
Gode nyheiter på slutten: Det er klarvèr ute ikveld og ganske kjøleg. Det betyr strålande sol imorgon. Vi satsar på ein laurdag ute.

søndag 4. april 2010

Deilig er jorden

I september hadde vi nokre økter med rydding av stein og røter. Malin ville sjølvsagt "æppe pappa". Ungar og jord høyrer ilag. Desse fine bileta måtte sjølvsagt forevigast i scrappalbumen hennar. Eg har gjort det veldig enkelt, men ofte er det det beste når ein iallefall skal verte ferdig.
Eit mønsterark eg kjøpte for veldig lenge sidan vart endeleg tatt i bruk. Ugla er quickcuts og elles har eg skrive noko til kvart bilete, men det viser ikkje så godt fordi pennen slutta å virke. Så det får eg ta igjen. Elles er overskrifta også av papir som eg har trykt ut, og den er sjølvsagt på nynorsk. Noko anna er ikkje lov :D

fredag 2. april 2010

Endeleg tid for utearbeid

Vi er på langt nær ferdig inne enno. Både lister, trapp, bod og diverse skal malast. Det skal flisleggast over kjøkkenbenken, vi manglar gardiner stort sett i heile huset og vi har ikkje flytta ferdig alt. Vi manglar ein del hyller og oppbevaringsløysingar også. Likevel har vi no byrja utvendig. Ein kan ikkje sitte inne når våren kjem.
Espen kappar armeringsjern og støyper fundament rundt soklane som festar verandaen. Han er svært ivrig etter å få bygd seg terrasse både framfor og bak huset.
Malin hjalp pappa med å tippe småstein oppi sementblandinga. Det var tydeleg at ho koste seg ute sjølv om ho ramla og slo kneet sitt på dei store steinane og satt seg i jorda og vart skitten og våt. Vi håpar det vert fint vèr imorgon også slik at vi får vere ute enda meir.
Ein del boss gjenstår og kaste, men det meste er materiale som skal kappast opp og nyttast til ved. Vi har rydda alt bosset rundt huset utanom denne haugen og det er no bra synest eg.
Det er eit hav av arbeid utanfor. Maling av hus, bygging av terrassar og garasje, påfyll med jord, såing av plen, planting, og felling av tre. Mykje anna kunne vorte tatt med her, men vi får ta ein ting om gongen. Det er herleg med vår, det er iallefall sikkert.

Stolt syklist

Malin har nettopp fått sin første sykkel (399 kroner på Coop Obs). Ho har vore for lita til trehjulsykkel til no, så vi kjøpte likegodt ein tohjuling med støttehjul som ikkje er noko større.No er det endeleg vér til å sykle og med nyinnkjøpt hjelm var Malin klar igår.
Malin er kjempekry! Ho klarer ikkje trøde (kva heiter det på nynorsk?) sjølv, men med ein ivrig far så er det ingen problem å få hjelp til å skubbe. Igår var ho innom oldefar med sykkelen og viste den stolt fram, og hjelmen hadde ho på både ute og inne. Så får vi håpe at ho klarer å sykle sjølv iløpet av året.

Scrappeånda er tilbake

Dei siste månadane har vore prega av amming, bleieskift,husbygging og flytting. Og då er det klart at alle mine scrappeting ikkje kan stå framme på bordet for eventuell lyst skulle kome. Ikkje har eg hatt tid heller. No derimot er våren så og seie komen og eg kjenner eg vert meir kreativ og lysten til å gjere noko anna enn å passe born og gjere husarbeid. Denne vinteren har vi starta ein scrappeklubb her på Osterøy. Vi er framleis i startfasen, men vi håpar på at vi skal få til ei samling ein gong i månaden. Og då er det klart at eg må scrappe dersom eg skal vere med i denne klubben.
Denne sida var vanskeleg fordi eg av ein eller anna grunn skulle bruke transparent mønsterpapir. Det er muleg eg ikkje er ferdig med sida, men slik ser den førebels ut. Eg har "sladda" litt på eine biletet då eg ikkje har som mål og vise meg naken på denne bloggen. Diverre fekk vi ikkje tatt så mykje bileter på fødestova, så desse to er alt vi har.
I fjor sommar hadde Malin ei skikkelig dille med å skulle disse/reie/huske alt etter kor du kjem frå. Vi budde då nær ein barnehage og ho ville dit kvar dag etter barnehagen. Utfordringa med denne albumsida var overskrifta. Veit ikkje heilt om eg er nøgd med den, men eg kjem ikkje på noko betre så då får det vere slik.

torsdag 1. april 2010

Høgtideleg familiekos

Det går nesten ei veke mellom kvar gong eg bloggar no, men eg har ikkje internett enno og brukar mobilt breiband som eg ikkje har tilgang til heile tida. Den siste veka derimot har vi vore på påsketur til Volda, heimstaden min, og då er vi travelt opptatt med å kose oss.
Emil og pappa kjem godt overens. Dette bilete viser eg særskilt fordi t-skjorta som pappa har på seg har eg laga. Det er då bilete av ein av veteranbilane pappa har. Pappa er ein t-skjortemann og då er det artig å lage slike på internett.
På loftet til pappa fann vi den gamle dukkevogna mi. Den er nesten ubrukt og ser like fin ut enno. Eg leika ikkje med dukker som lita, berre av og til når eg følte eg måtte, så det er kjekt at Malin ville prøve den. Ho er ikkje så opptatt av dukkene, men trille er veldig kjekt.
Det vart spelt bowling på Wii Nintendo kor pappa stakk av med sigeren. Malin trur ho spelar tennis, men er eigentleg ikkje med.. Så lett å lure, hihi.
Mamma bidrar godt til at vi får oss nokre små pusterom innimellom når vi er heime. Malin fekk seg sykkelhjelm og den skulle vere på hovudet heile tida. Her er mamma er mest opptatt av at Malin ikkje skal kakke Emil i hovudet med ponnyen. Han skulle nok ha hatt seg ein sykkehjelm han og...
Gutta boys. Emil og morfar.
Jonas er bror min og onkel til Malin. Han fyller snart 10 år og er veldig glad i små born. Malin synest det er stas å få komme på besøk og låne leikene hans. Det er så synd vi bur så langt vekke frå kvarandre, men telefonsamtalar og bileter i album hjelp Malin å huske sine slektningar. Vi har ikkje noko søsken eller foreldre her vi bur, så då er det viktig at dei ikkje vert gløymde.
Malin og Emil var eksemplariske i bilen. 6 timar med reise gjekk veldig fint. Eg satt i midten bak mellom dei. Emil sov stort sett heile vegen, og Malin kosa seg med musikk og bøker. Det hjelp også at vi tek fire ferjer på turen og at ho derfor får strekt seg litt innimellom.
I sjølve påskehøgtida er vi heime hjå oss sjølve. Det er mykje som skal gjerast både ute og inne, men i første omgong handlar det om å få rydda alt bosset ute. Eg kan kort nevne at vi har fått orden på kloakken og i neste veke skal internett kome i hus. Kommunen har trekt tilbake ferdigattesten og fleire kontraktørar har fått advarsel, så det vert ein del som vert gjort framover. Og kjekt er det. Vil sjølvsagt skrive meir om dette ein annan dag.