onsdag 24. mars 2010

Kloakk kvakk

No er det fire dagar sidan vi oppdaga at rørleggaren ikkje har kobla avløpsrør mellom hus og Biovacen (septikktank). Ein skulle tru at noko slikt hastar og at husfirma, rørleggar osv ville gjere sitt for å hjelpe oss med å ordne opp i dette, men neida. Her kjem litt om kva som har hendt sidan laurdag (innlegget er langt).

Mandagsmorgon ringte byggekontrolløren ved Florvåg Bruk AS oss då han visste at vi hadde fått problemer. Han hadde aldri høyrt at noko slikt hadde skjedd før, og ville sjølvsagt bistå for at det skulle verte ordna. Dette måtte ordnast utan at det skulle koste oss noko, sa han. Han ba oss om å skrive ein mail til Askøy Varme og Bad med ein kopi til han. I mailen forklarte vi kva som hadde hendt, at vi trudde alt var i orden fordi rørleggaren som var på huset hadde sagt at alt var i orden, og at vi var sjokkerte fordi det ikkje hadde vorte sagt noko om manglar verken til oss eller i kontrollerklæringa.

Kort tid etter mottek Espen ein telefon frå Askøy Varme og Bad. Dei sa at dei ikkje hadde fått noko bestilling på at avløpsrøret skulle koblast til tanken. Vidare sa dei at vi kunne ikkje snakke med rørleggaren som gjekk her ute om kva som skulle gjerast og kva som hadde vore gjort. Alt måtte gå gjennom kontoret på Askøy. Vi kunne likevel ta kontakt med dei dersom noko skulle gjerast, men slik saken sto no meinte dei at dei ikkje hadde noko ansvar for at kloakken rann ut i hagen.

Etter denne telefonen vart eg mildt sagt provosert. Det dei seier indirekte er at alt eg har sagt er løgn. At vi ikkje har snakka ilag om koblinga mellom hus og tanken osv. Så eg sender dei ein mail kor eg forklarar kor skuffa eg er over at dei ikkje beklager seg eller er villeg til å sjå kor opplagt det er at vi ønskjer kobling mellom hus og tank. Eg minna dei også på at dei har gjort grove feil her på huset før så det er sannsynleg at dette kunne skje.

Ut på dagen viser det seg at Florvåg Bruk AS ikkje støttar oss likevel og gir eigentleg blaffen i heile greiene. Dei meiner at vi burde heller finne ei løysing på problemet istaden for å henge oss opp i kven som har skulda for kva. Eg ringer eit anna rørleggerfirma som ikkje vil ta på seg ansvar fordi det står i papira hjå kommunen at Askøy Varme og Bad/Florvåg Bruk AS står ansvarleg. Dei vil vi snakkar med kommunen først. Ikkje enkelt dette her…

Eg ringer kommunen ved saksbehandler på byggesaksavdelinga som også har utført ferdigattesten. Han er mildt sagt oppgitt og kjem på synfaring kort tid etter telefonsamtalen. Han tek bileter, ristar på hovudet og seier at han aldri har opplevd maken i sine 40 år som byggesaksbehandlar. Han går tilbake til kontoret, drøftar det med kollegaer og ringer og fortel at det er heilt opplagt at Askøy VB og Florvåg B har eit ansvar her. Dei vil sende dei eit brev med krav om å følgje opp saka og avslutte arbeidet hjå oss. Han viser til byggjetilltatelsen.

I går skjedde det ingenting. Vi ringer Askøy VB, men dei svarer ikkje. Nok ein mail sendast til Askøy VB. Vi ber dei om å kome og gjere jobben då kommunen har pålagt dei dette osv. Florvåg B vert orienterte, men bryr seg ikkje i korte trekk.

I dag tidleg fekk eg telefon frå Askøy VB. Dei blånektar framleis på at dei har gjort noko gale og kjem med tusen unnskyldningar som eg ikkje gidd og nevne. Dei seier dei aldri har sendt nokon utsleppstillatelse og at det er den som har gjort dette som har ansvar. Vi vert likevel samde om at dei tek seg ein tur hit og ordnar problemet fortast mogleg sidan dei også skal ordne på eit par ting vi har reklamert på. Dei kjem altså på fredag. Eg ringer kommunen og orienterer dei om kva som er vorte sagt av Askøy VB. Dette provoserer mildt sagt saksbehandlaren og han kjem med nokre saftige gloser, trekker seg opp og viser til administrasjonsvedtaket kor det er klart og tydeleg kven som har ansvar. Og det stemmer, ansvaret ligg hjå rørleggaren eller Florvåg Bruk. Saksbehandler i kommunen ber oss om å orientere dei om at dei vil få eit brev. Eg ringer Florvåg Bruk igjen, og dei seier no at det kan godt hende det kjem fram at dei har eit ansvar og at utlegg i forbindelse med dette vil verte refundert. Dei ventar likevel til saka har fått ei løysing og gjer ikkje noko meir med dette. Snakk om arroganse!

Så her sitt vi utan at noko har skjedd. Vi må vente til fredag før arbeidet vert utført. Kven som skal betale rekninga for han som kom laurdag og hadde årets kjappaste jobb, er framleis usikkert. Ære vere Espen som spadde vekk kloakken i går, det var ikkje lekkert altså. Eg har også observert mus så det er ikkje så triveleg her akkurat no. Eg håpar det snart tek slutt med alle konfliktene som dukkar opp, vi byrjar og verte ganske slitne. Dersom du skal byggje hus og må nytte privat vatn og kloakk, så ta kontakt. Vi har mange råd og gi deg.

lørdag 20. mars 2010

Fullstendig rysta og sjokkert

På tysdag hadde vi besøk av bygningskontrolløren og vi fekk tildelt ferdigattest frå kommunen om at vi no kunne flytte inn formelt. Huset var kontrollert og gjennomgått og vi trudde at alle problem vi har hatt til no var dei siste. Der tok vi grundig feil.

Eg oppdaga at gangen, badet og vaskerommet var fylt med vatn no i ettermiddag. Espen hadde tatt seg eit bad og alt vatnet kom opp av sluken. Ein rørleggar kom ut for å sjå på saken og det viste seg at vi ikkje hadde avløpsrør ein meter utanfor huset og inn til kloakktanken! Er det mogleg?! Alle som var her var djupt rysta, sjokkert og oppgitt over kva som har skjedd. Rørleggaren som har vore her på huset seier at han ikkje har anvar for nokon ting utanfor 1 meter, men samstundes har han sagt at alt er klart til å koble på septikktanken/biovacen og at det er klart til å flytte inn. Kommunen har fått kontrollerklæringar på at huset er innflytningsklart, og dette inkluderer vel også sanitæranlegget? Vi skal ringe kommunen kl 8 på mandag. Her må ein oppvask til. Utanfor er det dopapir og alt anna du skyller ned i do... Takk og lov for at det ikkje er sol og varme grader.

tirsdag 16. mars 2010

Dåpshelg, snømåking og bihulebetennelse

Blogginnlegga mine kjem ikkje så ofte no, men eg har mine gode grunnar til det. I helga som har vore har vi hatt barnedåp for Emil. Vi skulle lage all maten sjølv og eg hadde planlagt heile veka dag for dag alle førebuingane. Det eg ikkje hadde tatt høgde for var sjukdom. Sjølvsagt vart eg sjuk mandag for ei veke sidan. Eg vart satt heilt ut og orka ikkje tråle ein einaste butikk for dei finaste serviettane, pynt eller spesielle matvarer. Mamma og svigermor kom fredagen, og pappa kom laurdagen og då fekk vi god hjelp til å få rydde huset, lage mat, stryke bunadsskjorte osv. Foreldre, søsken og fadderar framfor døypefonten. Sjå kor flotte bunadar vi har! Eg og Aud-Marte har sunnmørsbunad medan Camilla har nordhordlandsbunad.
Malin skulle få hjelpe til med å tørke hovudet til Emil. Det var litt vanskeleg.
Emil vart døypt i Hamre kyrkje frå 1600-talet. Kyrkja er utruleg vakker med utskjærimgar i tre og mala dekor. Døypefonten er frå 1200-talet.
Bordet vart enkelt pynta med blå lys og tulipanar. Når ein er sjuk, må ein gjere det enkelt. Vi serverte brennsnut til middag. Den sto mamma, pappa, Ivar og André for og dei laga alt for mykje. Så mykje at pappa tok med seg ei stor panne heim. V fryste ned fleire isbokser som vi har framover.
Emil og oldefar.
Kakebordet besto av suksessterte, kvit dame, kanelsnurrar med rosin og melis, sjokoladekake og gele. Dei tre kakene laga eg på laurdagen. Denne dagen hadde eg endeleg fått litt krefter til å lage mat. Huset hadde eg verken rydda eller vaska så svigermor tok seg av det. Huset ser fint ut framleis, men vi leitar litt etter alt som er rydda vekk.
Dåpskaka laga eg sjølv. Pynten fekk eg altså, eg har ikkje laga den. Det var første gong eg skulle lage kvit dame, men det gjekk fint. Kvit dame er det bergenske ordet for marsipankake. Det spesielle med kvit dame er makronbotn inni kaka. Eg har ikkje hatt smak og luktesans på ei veke så eg har ikkje fått smakt på kakene, men dei seier den var god. Eg laga i grunnen for lite kaker for eg hadde omtrent ikkje restar igjen. Det er slitsamt med fest. Pappa har tatt seg ein dupp ikledd sunnmørsbunad. Mannfolk og bunad høyrer ilag synest eg :-)

Det har vore ei kjekk og slitsam helg. Det er kjekt når heile familien samlast og vi et god mat, men det er slitsamt når vi akkurat har flytta inn, snøen som dalar ned kvar gong vi har måka veien fri for snø og når ein er sjuk. Idag har eg vore til lege og fått konstantert bihulebetennelse, så eg er sjukmeld frå blogging ei lita stund til.

søndag 7. mars 2010

Full rulle og Malin sitt rom

Ein sluttar ikkje å arbeide sjølv om ein har flytta inn i nytt hus, tvert imot. Dagane flyr avgårde til barnepass, husarbeid og ordning av huset. Det går og ein del tid til måking av snø... Eg har derfor ikkje blogga så mykje som eg har ønska og det vert nok ei lita stund til før vi har kome i orden. Vi manglar hyller først og fremst, og snøen må vekk frå vegen før vi kan kjøpe dei. Elles har vi barnedåp på søndag og det er mykje som skal bakast og ordnast til den tid.
Leik og moro i heimen. Dette er vel det beste bilete dokke får sjå av meg. Eg egnar meg ikkje på bilete akkurat no. Eg har ein glansvask som har stått på vasken ei veke no, men som eg ikkje har fått tid til å ha i håret. Gensarane er alltid full i gulp og joggebuksene utvaska.
Malin slit framleis med foten sin etter tre veker. Ho går på han, men ho haltar og støtter seg alltid til noko. Vi skal på kontroll på onsdag med ho fordi ho drar etter med eine foten heile tida. Greit å få sjekka det.
Det er ikkje så store snøfall akkurat no. Dei varme gradene har kome tilbake etter tre månadar fråvær, og snøen er tung. Derfor har det vore snømåking på taka hjå naboane. Vi har så nytt hus at vi slepp slikt heldigvis.
Emil er stort sett i godt humør, men akkurat no er han veldig forkjøla og grin lett. Han søv dårlig og er ikkje fornøgd med tilværelsen. Heldigvis har han ikkje feber.
Tv-signala har ikkje vore lette å få inn her. Espen har vore i stigen og justert parabolen kvar dag i to veker no, men laurdag fekk han nok og tok fram motorsaga. Malin ser på sin oppgitte far frå soveromsvindauget.
Etter at trea vart tatt, auka tv-signala frå 39% til 75%. Så om du har problemer med signala, kan dette vere ei løysing. Med mindre du har eit hus framfor deg då...
Eg klarer ikkje å få heile huset i orden, det er så mykje smådill som ikkje har sin eigen plass. Malin sitt rom er vel det rommet som er mest ferdig.
Malin har sengehimmel over senga for då verkar ikkje rommet så stort. Ho er jo vant med å sove i eitt kott stakkar. Ho kosar seg iallefall inni der.
På rommet sparkar vi ball, leikar i teltet, les bok og drikk "kaffi". Ho er så stolt av rommet sitt som inneheld stort sett møblar og ting frå IKEA. Planen er å få litt bilete på veggane.
Det er ikkje så verst å vere på kafé hjå Malin som har eit fint lite vindauge ein kan sjå ut av. Garderobeskapet har eg tatt ut og heller valgt og ha kleda til borna i kommode. Listene skal malast snart og taket skal malast til våren neste år.

Det var eit lite livsteikn frå meg. Eg kjem sterkare tilbake når alle er friske, dåpen er overstått og snøen er vekke.