torsdag 29. oktober 2009

Innspurt på scrappinga

Eg har hatt som mål å scrappe ferdig dei to fyste åra til Malin før nestemann melder sin ankomst. Albumen er nesten full og det gjenstår to tomme sider før eg må kjøpe meir. Eg må legge til at eg ikkje scrappar alle bileta av ho, men kun utvalgte opplevingar. Resten er i vanleg album. Denne gongen har eg scrappa den gongen ifjor november vi fekk snø og Malin fekk oppleve snø for fyste gong.
Sida er ikkje ferdig då den manglar overskrift. Den skal kome på plass når eg får meg utstyr som trykk ut bokstavar. No er eg lei av å klippe ut alt for hand. Eg har Epic Six på ønskjelista til jul for dei som veit kva eg meiner med det...

onsdag 28. oktober 2009

Til frisør for fyste gong

Til no har Malin vorte klipt av meg, men det kjem til eit punkt kor eg innser mine begrensningar. Malin hadde vorte bustete, langhåra og håret hadde vokse i ulikt tempo og lengde.
Eit før-bilete med luggen ned i augene. Kuli er populært og hjelp på skrekken.
På med kappa og munnen full av Smarties. Smarties er svært angstdempande...
Må berre fikse håret før biletetaking.
Deretter tulle litt.
Smiiil!!!
Og vips! Ei fin lita jente. Ho var veldig glad og stolt over å vere så fin på håret. Ho fekk riskrem til premie, det fortjente ho.

mandag 26. oktober 2009

Malin har fått ny seng

Det å verte storesøster medfører blant anna i at ein må få seg ny seng då minstemann skal overta den gamle. Malin er no 2 år og 2 mnd og hennar tid i grindseng er idag over. Ho er svært uroleg i senga så vi er spent på kva som vil skje, men ein sengehest og puter på golvet skal iallefall hindra den store ulykka.
Malin er veldig opptatt av å "æppe mamma" eller hjelpe mamma som vi også seier. Ho fekk delta i monteringa av senga og ho var veldig klar for å flytte "butta, mjau og affe". Både puta, pusen og hunden fekk altså plass og ho var kjempekry over den nye senga.
Eg monterte sengehimmel til ho som ho synest var gøy å gøyme seg inni. Det er lenge sidan eg har sett ho så stolt og glad som idag, dette var verkeleg stas for ho. Så ventar berre natta og eventuelle nattevandringar....

onsdag 21. oktober 2009

Bosstømming er også ein del av husbyggjinga

Det hadde vorte ein ganske stor bosshaug utanfor huset vårt no, og det var på tide å gjere noko med det sidan det er vårt ansvar. Det har kome eit nytt lass med materialer også, så det hadde byrja å verte trongt om plassen. Vi har verken hengar eller tilhengarfeste på bilen, så då er det godt å ha gode vener. Ole André har vore så grei å tilby seg å hjelpe både med tømming, sortering og kjøring. Vi sett veldig stor pris på vener som han.
Det vert tidleg mørkt ute no. Her er Ole André og Espen igang med sortering av materialet. Det er ikkje lenger råd å berre kaste alt bosset i ein container på reinhaldsverket. No krevs det sortering ned til minste skrue. Eit lass vert tømt imorgon og på laurdag tek vi det andre slik at det ser litt finare ut utanfor huset. Det brennbare materialet tek vi vare på til vedfyring eller til bålet eg planlegg å tenne opp.
Sandra og Malin. Dei kjenner kvarandre godt og leikar ilag i barnehagen. Når Espen treng å vere ved huset på ettermiddagen er det kjekt når vi kan vere med. Å vere ute er både sunt og godt.
Eit lite glimt av huset på framsida. Framleis mykje stilas rundt huset, men dei vert ferdig utvendes på fredag visst alt går etter planen.

fredag 16. oktober 2009

Snart ferdig med det utvendige

Idag har det vore eit fantastisk vèr; haustsol og god temperatur. Vi tok ein liten tur opp til huset for å sjå huset i solglansen i ettermiddag og mykje har skjedd på ei veke. Legging av takstein byrja dei med på mandag og no er det nesten ferdig. Kledninga er på og neste veke avsluttar dei alt arbeid utvendig.
Litt mykje stilas framme enno til å sjå heilt klart korleis det vert. Iallefall når du ser det på bilete. Det vert fint å sitje her og sjå på utsikta, høyre på fuglar osv.

Det gjenstår å grunne litt på huset, men det er ganske lite som er att. Det er ulike fargenyansar på huset og det skyldast blandingsforhold mellom pigmentert grunning og klar grunning. Utstikket bak har dei også byrja med, her gjenstår takstein og søyler før det er ferdig. Det skal også byggjast trapp og platning på baksida.

Elles har vi no fått vite at perioden for eigeninnsats er 21.desember-25.januar. I denne perioden skal muraren flisleggje bada og vaskerommet, og vi skal male lister, tapetsere, male, legge golv og flisleggje gangen. Kjøkkent skal også monterast. Så har du lyst å gjere ein innsats, er du hjarteleg velkommen til å delta på dugnad.

tirsdag 13. oktober 2009

Eldorado for bøtte og spade

Denne layouten har verkeleg tatt tid av den eine grunn at eg har klipt og skjært ut bokstavane sjølv. For eit arbeid og aldri meir så mange ord på ein gong! Eg har ikkje så mykje anna stæsj på sida fordi mønsterarket er så vakkert i seg sjølv og bileta må også få fokus.Bileta er tatt 31.mai i år. Det var heilt nydeleg vèr sjølv om vatnet framleis var for kaldt til å bade i. Malin grov i sanden i timesvis heilt til ho sjølv tok initiativ til å ta på seg meir klede fordi ho fraus slik. Gleder meg allereie til neste år. Ein dag eller to med slikt vèr må no vi i det minste kunne forlange...

søndag 11. oktober 2009

Nymalt vogge

Når Malin kom til verda kjøpte Espen denne vogga til henne. Vogga er kjøpt ved fengselsutsalget i Bergen og er av ubehandla tre.
Vogga har fine utskjæringar, men ikkje så veldig fin i "fargen". Espen kjøpte denne vogga medan eg låg på sjukehuset så vi hadde ikkje moglegheit den gongen til å male henne. No derimot har eg god tid og med Sens maling kan til og med gravide male.
Vogga er malt i eggekvit. Sidan det er vannbasert maling vert det ikkje like glansfullt som ved oljebasert maling, men så hadde ikkje vogga vorte malt heller om eg brukte det... Planen er å male på sjablong og årstal, men så langt har eg ikkje kome. Årstalet vert 2007 då vogga vart kjøpt. Har tenkt å male det med lysgrå.
Malin har okkupert vogga og har leika mykje i den idag. Eg tok på sengetrekk slik at ho kunne ha dokkene sine i den, men ho fant ut at ho sjølv skulle ligge i den. Litt for liten er vogga, men ho kosar seg. Vogga kan både brukast som seng, båt, klatrestativ og diverse som berre ho skjønar seg på.

fredag 9. oktober 2009

Premien frå Tomines hjem

Utan at eg visste eg var med i ein konkurranse vann eg denne flotte skåla hjå bloggen Tomines hjem. Eg hadde lagt igjen ein kommentar i bloggen og det var alt som skulle til :-) Den kom i posten igår og den tok seg veldig godt ut i glaskarmen idag. Det er sol ute og skåla blinkar så fint i sollyset.
Espen såg straks at denne skåla var fin å ha Twist i.
Eit forsøk på fotomontasje på PhotoScape. Kjekt å få noko heilt nytt på pyntefronten. Det meste eg har er pakka ned, men denne skal få stå. Tusen takk for den flotte premien Tomine!

torsdag 8. oktober 2009

Scrapping av kortvarig idyll

Litt ironisk er det kanskje å sitje og scrappe layout frå ein av våre finaste sommardagar i år når det striregnar ute. Eg kjenner eg nesten vert trist innvendes av å tenkje på at 3.juli var den siste varme og fine sommardagen i år. Det har vore sol og fint vèr ein sjeldan gong etter dette, men ikkje tilstrekkeleg til at ein kunne bade. Og når hausten følgjer på med regn og vind i store mengder, får eg mest lyst til å bestille meg ein billett til Thailand....
For ein dag dette var!

tirsdag 6. oktober 2009

Kranselag og pipa er oppe

Vi er så heldige å ha kjekke, flinke og raske snekkarar. Det betyr ulykke å ikkje ha kranselag, men det er sjølvsagt kjekkare å lage til eit lag når vi er nøgde. Huset har vore tett ei stund, men idag passa det fint å ha det. Espen tok seg ein feriedag idag og eg har bakt sjokoladekake til karane. Dei fekk seg ei flaske konjakk kvar i tillegg.
Det syner vel ingen tvil på kva vèr vi har ute. Godt vi kokte kaffi til dei.
Og igår kom pipa opp. Pussearbeidet startar imorgon. Det er så gøy når det skjer nye ting heile tida. Neste veke vert taket levert. Kontaktpersonen vår på Florvåg seier at det går raskare framover enn først planlagt. Det lovar godt for oss. Vi får berre håpe alle held seg friske og at ingen forsinkar prosessen.

søndag 4. oktober 2009

Golvet er støypt

På fredag vart golvet støypt og vi har fått i oppgåve å vatne golvet til og med imorgon for at golvet ikkje skal tørke så fort. Eg trur ikkje det er nokon fare for at noko skal tørke for fort i dette vèret, men vi gjer no som vi har fått beskjed om.
Synest alt vart så mykje større no når golvet er på plass. Malin har funne seg til rette med litt nistemat. Ho storkoste seg med å springe over golvet.
Vindauga framme er 20 cm kortare for at vi skulle få plass til kjøkkenbenk under kjøkkenvindauga. Eg ser no at vindauga kunne vore 20 cm kortare i heile huset, men det vert vel bra uansett. Ein kan ikkje vite alt på førehand. Det skulle vore mogleg for byggjefirmaet å gi kundane moglegheit til å studere huset ein vil byggje "live" før ein sett i gang å teikne. Ikkje alt kan ein sjå på eit papir.
Det var surt og kaldt ute idag. Espen har tatt på seg tjukk jakke, det er ikkje ofte. Vi går å ventar på litt solskin og paneltørke. Vi må få grunna resten av huset. Til no har Espen tatt kortsidene og byrja på framsida. For dokke som framleis kan ta eit val: Kjøp ferdiggrunna panel sjølv om det kostar litt ekstra, iallefall på denne årstida (vi sparer omlag kr 10.000,- ved å gjere det sjølv).
Å kaste vatn på golvet var populært. Vatn+born= sant.
Takk for regnklede som er 100% vasstette. Det er så enkelt å ta ho med og la ho styre slik ho vil når ein har på ho regnbukse og støvlar. Ho fekk ikkje nok av vatn og var kald og våt. Tilslutt måtte eg sette foten ned og rusle ned til oldefar for varme og tørke.

fredag 2. oktober 2009

Ei sein overrasking

I vår kjøpte eg nokre liljeløkar på hagemessa i Arenum. Dei andre liljene kom midten av august, mens desse liljene har det vore knoppar på i fleire månadar utan at eg trudde dei skulle bløme.
Når vi kom igjen frå turen til Volda i forgårs var liljene kome fram. Dei ser ikkje slik ut som dei skulle desse heller, dei skulle eigentleg vere rosa, men desse er vakre dei og. Dei berre måtte komme no visst dei skulle kome i det heile tatt, det nærmar seg null grader om natta. Eg er litt forundra over dei som solgte meg løkane. Ingen av dei er slik som dei skulle vere. Kjem ikkje til å kjøpe hjå dei igjen for å seie det slik.
Eg plukka ein kvast som eg har tatt med meg heim. Det gjer seg med blomar i vindauget. Dei avgir ei svak duft også. Legg merke til vèret ute, det er tett tåke og 3 grader. Ingen tvil om at det er haust.