mandag 30. juni 2008

På besøk til Osterøy museum

Vi har vore mykje på Osterøy siste veka grunna at farmora til Malin har vore på besøk. Det er ikkje så mykje å ta seg til heime hjå oldefaren, defor tok vi turen til Osterøy museum. Museumet hadde meir å vise fram enn kva vi først hadde venta. Innandørs var det blant anna utstilling av ting og utstyr relatert til småindustrien som har vore på Osterøy. Ute var det tun kor vi fekk omvisning.
Over ser dokke korleis fattige folk budde på 1600-talet. Halm til seng og skinn til dyne. Grue i midten og luka i taket var det einaste lyset som fanns. Tømmerveggane kan fortelje at familien som budde her hadde lite å rutte med.
Dette var rikmannsloft. Dette er også frå 1600-talet, men det er mala seinare. Sengene er korte fordi dei satt og sov. Denne vesle stolen i midten foran, er ein dostol. Kanskje betre å gjere frå seg ute..? Legg merke til at tømmeret er mykje betre enn på det første bilete.
Mora til Espen var imponert over samlinga. Dette er frå eit hus på 1700-talet, men inventaret er blanda med 1800-talet. Riktig så koseleg spør du meg.
Det som er så utruleg med dette kjøkkenet, er at det vart tatt i bruk heilt fram til 1960-talet. Ja, det er heilt sant. Det budde ei gammal dame i dette huset til ho døydde og ho hadde aldri straum eller innlagt vatn.
Dette er berre noko av det du kan sjå på museumet. Er du i nærleiken, er det absolutt verdt å ta ein tur. Slike bygdetun finn ein i nesten alle kommuner. Eg synest det var veldig kjekt at bestefaren til Espen var med. Han kunne fortelle mykje om korleis det var driven gard for 70-80 år sidan.

Ein fin liten blome

Malin opplever sin første sommar med spennande ting som blomar og insekt. Oldefaren til Malin har mykje prestekragar rundt huset sitt, og i denne klynga var det særskilt ein blome som Malin ville sjå nærare på.

lørdag 21. juni 2008

Enda meir scrapping

No er det kaldt og vått ute, eg er litt småsjuk og det passar fint med scrapbook. I tillegg kom lysta over meg etter å ha fått trykt litt overskrifter på Papirglede. Denne gongen er det 17.mai som er tema. Eg har valt å ha mange bilete på eit ark og då er det finast med det litt enkle rundt, synest eg. Eg var litt uheldig med stemplinga då noko av sverta kom utover det kvite arket, men det får våge seg.

Rulle-layout

Nok ein LO er ferdig. Denne er ikkje så avansert, men eg likar den veldig godt likevel. Bileta er frå 15.januar i år og viser når Malin lærte seg å rulle. Eit stort augneblink!

fredag 20. juni 2008

Min første doble layout

Det vert lite blogging på meg for tida og det skyldast at eg er sjuk. Eg har no vore sjuk i 2,5 veke og går no på medisinar mot streptokokkar og augekatarr i håp om å verte betre. Halsen er betre, men eg hostar som eit svin. Likvel så tok eg og Ingborg, ein kollega frå jobben, turen til Papirglede på Sotra på såkalla papirverkstad igår. Der fekk eg bruke utstyr til scrapping som eg ikkje har sjølv. Tida gjekk fort, men noko av det som eg fekk trykt ut var bokstavane i overskrifta på denne layouten. Eg klarte sjølvsagt ikkje å la vere å kjøpe noko kartong, mønsterark og stempel medan eg var der ute...

Dette er altså ein dobbel layout (dobbel side). Malin elskar å vere i vogn både når ho søv og når ho er våken, og då vart det to sider i albumen hennar om akkurat det.

søndag 8. juni 2008

Eg har leita fram scrappelysta

I fire månadar har scrappeutstyret mitt lagt i ei kasse. Temperaturen sank kraftig i Bergen idag, og når den nådde 15 grader, kom lysta til å gjere noko innandørs. Eg har planar om å lage ein album til Malin, og inntil idag var berre to sider unnagjort. Så mitt bidrag idag er ei side med bileter av morfar, farmor og mormor og Malin når ho var heilt lita.