søndag 9. november 2008

Nok ein laurdag med rydding av tomt

Det begrensar seg kor spennande det er å sjå bileter av ei tomt, men under ser dokke tomta i sin størrelse sett ovanfrå. Det er mykje som gjenstår, men eg tørr påstå at halvparten av trea er felt. Det vert tilsaman omlag eitt mål.
No når det ikkje er blad på trea lenger, kan vi skimte korleis utsikten vår vil verte. Når det var så fint som igår med blå himmel og sol, så kjennest det veldig riktig å byggje hus her.
Siste treet for dagen skulle fellast. Det var ein heil diskusjon om kva slags retning treet skulle ramle. Bestefaren til Espen er heilt herleg altså, det er så kjekt at han er med. Vert eg slik som han når eg er 86 år, skal eg jammen ikkje klage. Huset som dokke ser på biletet er forresten barndomsheimen til Espen.
Mor til Espen, Adrian (søskenbarnet til Malin) og Camilla, søstra til Espen, var på besøk i helga. Etter fire timar med arbeid, kom dei med mat og kaffi og duk til ha på "bordet" som i dette tilfellet var ei gammal bruskasse. Utruleg koseleg å sitje på toppen og sjå utover alt vi har gjort. Toppen skal forresten sprengjast vekk slik at tomta vert meir flat.
Her er biletet tatt frå nedsida av tomta. Den startar frå den einslege stammen som dokke ser midt i biletet og oppover. Det er ein annan som eig skogen som går nedanfor treet og ned til kanten som eg står, men eg håpar vi kan få så gras heilt ned slik at det ser fint ut. Heile området som dokke ser var dekt med tre, men no er det altså borte. Så litt har no vorte gjort på to laurdagar.

5 kommentarer:

Tove sa...

Det ligg mykje godt dugnadsarbeid i å rydde tomt... Viss ein ser stort på det, så er det både sosialt og triveleg! Ha ein fin søndag!

Astrid sa...

Det ser ut som at de har ei fin og skjerma tomt med fin natur rett "utom stovedøra". Eg ser fram til å fylgje framgongen med husbyggjinga dykkar:)
Ynskjer deg ein fin søndag!

Fivrel sa...

Oj, de skal byggje hus, de! Så spennande ;-) Det vert det gama å fylgje med på. Etter at eg kom i lag med denne Snikkaren min har eg au vorte smitta med ei hus-interesse noko over gjennomsnittet, så dette ser eg fram til ;-)

Elles ville eg seie at eg svara på spm dine inne på blogg-kommentarane mine, men at eg au ville gje deg denne peikaren:
http://spinnershome.net/

Dette er eit forum for dei spinnville! Ikkje så veldig omfattande (endå), og ikkje som dei engelske sidene, men spennande lesnad i alle høve. Ha ei herleg veke! :-)

Størhuset sa...

Så spennende da å bygge hus, blir bra det. Skulle likt å vært på den konserten ja:0)Stemmen til Sivert Høyem er jo helt fantastisk! Ha en fin uke!

Helga og Steffen sa...

kor flinke dåkke e, torill!!! blir kjempebra!! når kjem du heim til jul? må prøve å treffast! ej jobba romjula, men he fri julehelga og nyttår!:) gler mej til å pynte til jul!!!